Midtre Skarvflytinden (22.08.2015)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Duration 12h 59min
Distance 34.7km
Vertical meters 1,774m
GPS
Ascents Austre Leirungstinden (2,288m) 22.08.2015
Nord for Austre Leirungstinden (2,260m) 22.08.2015
Skarvflyløyfttinden (2,250m) 22.08.2015
Midtre Skarvflytinden (2,154m) 22.08.2015
Midtre Skarvflytinden Søre (2,130m) 22.08.2015
Skarvflytinden N1 (2,077m) 22.08.2015
Skarvflytinden N2 (2,072m) 22.08.2015
Nørdre Skarvflytinden (2,073m) 22.08.2015
Søre Skarvflytinden (2,210m) 22.08.2015

Alt låg til rette for ein fantastisk dag i Jotunheimen der me hadde lagt opp til å gå fra Gjendebu over Skarvflytindane, Skarvflyløyftinden, Austre Leirungstinden og ut Leirungsdalen. Ein tragisk ulykke gjorde at det gode været, naturopplevelsen og utsikten kom i andre rekke denne dagen.
Me starta fra hytta kl 0530 og kjørte mot Gjendesheim. På Valdresflya satte me av 2 sykler. Det var allerede lang kø ved Gjendebåten da me kom fram, men alle som skulle til Gjendebu blir prioritert og me kom med første båt. På kaien stod køen langt oppover veien da båten la fra kai.
Eg hadde lest at det var nærmast uframkommelig langs Gjende fra Gjendebu mot Knutsholet. Me la derfor ruta litt oppe i skråningen i håp om å komme vekk fra den verste vegetasjonen, og trur eg var eit bra valg. Det var greit å gå her. Me tok det rolig innover og opp til brefronten kor me kryssa elva og satte kursen mot Nørdre Skarvflytinden. Det var ein seig motbakke og me tok det rolig oppover. Klokka 1350 var me på toppen. Me forsatte videre over N2 og N1 og oppover mot Midtre Skarvflytind. Eg gjekk i forveien oppover. I det eg kjem fram på kanten og begynner å sjå etter ein egna plass for rappell oppdager eg at det ligger ein person under veggen. Det er tydelig at det har vert ei alvorlig ulykke her. Eg klyver litt rundt for å få bedre oversikt og finne ut om fleire personer er involvert. Det blir raskt klart at personen har omkommet, og eg kan ikkje sjå andre personer. Eg gir beskjed til Aina kva som venter før ho er framme. Me forsøker å ringe etter hjelp men ingen har dekning. Me prøver å søke nettverk rundt på toppen og tilbake mot Nørdre men ingen dekning. Me bestemmer oss for å rappellere ned og forsikre oss om at ingen trenger hjelp og håpe at me får dekning oppover mot Søre Skarvflytind. Me tar oss ned litt under toppen før me rigger til rappell. I det me skal rappellere passerer eit helikopter eit stykke SØ for oss og me prøver å signalisere men blir ikkje oppdaga. Me rappellerer ned. Her er ingen ting me kan gjere og ingen andre personer. Me fortsetter opp på ryggen mens me sjekker mobilen. No kjem eit SeaKing og passerer ganske nærmt. Me prøver igjen å signalisere men også det passerer uten at me blir sett. Me antar no at personen er meldt savna og me bestemmer oss for å bli her på ryggen i håp om at det kjem tilbake. Kort tid etter ser me Seakingen søke rundt Knutsholstinden og me prøver å signalisere uten hell. Etter ei stund kjem det opp langs brekanten under oss og me blir no oppdaga. Eg går litt tilbake på ryggen og får gitt tegn kor den omkomne ligger. Det første helikopteret som viser seg å være politiet kjem og tilbake.
Me kan ikkje gjere meir her. Me har eit godt stykke igjen og fortsetter turen over Søre Skarvflytinden, Skarvflyløyfttinden og Austre Leirungstinden. Tankane går rundt denne tragiske hendelsen.
Når me går ned fra Austre Leirungstinden går me på snøen i kanten av breen og videre på snøfonner til me er nede i dalen. Her krysser me Leirungsåe og går på sørsida av elva ut dalen. Me setter oss på syklane og er tilbake til Gjendesheim kl 2140. Tilbake på hytta ved midnatt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.