Bremanger: 100% (07.10.2015)
Written by boven (Ove Lotsberg)
Start point | Førdsdalen (340m) |
---|---|
Endpoint | Førdsdalen (340m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 5h 28min |
Distance | 18.8km |
Vertical meters | 1,106m |
Map |
Ascents | Nord for Firevatnet (703m) | 07.10.2015 |
---|---|---|
Aust for Hjelmevatnet (585m) | 07.10.2015 | |
Nord for Seksvatnet (765m) | 07.10.2015 | |
Nordvest for Sjuvatnet (750m) | 07.10.2015 | |
Nord for Tvillingtjønna (1,001m) | 07.10.2015 | |
Visits of other PBEs | Bru mellom Trevatnet og Firevatnet (590m) | 07.10.2015 |
Bremanger 64/64, 100%. Nok ei kommune i boks. Kjem aldri til å fullføre så mange kommuner nokon gong som dette året. I tillegg til 1001-toppen som var siste i pf 100 fekk eg plukka med nokre ned til pf 50. Nordfjord pf 50 er innan rekkevidde, ca 615 toppar. Men veit ikkje om den nokon gong blir fullført, mest pga Einevarden som er ei lita nøtt.
Det var meldt mykje vind i dag nokre stader i Nordfjord. På den engelske yr-sida som eg av ein eller annan grunn fekk opp stod det at det skulle bli gale med vind (Gale). Eg tolkar dette som hårreisande, og la turen litt vestover. Bortsett frå ein del vind på 1001-toppen var det ikkje GALE i det heile, og rett så triveleg i dalane. Kjøyrde Førdsdalen til endes, kr 30. Veien siste stykket er svært dårleg og det er ok med bil som har litt bakkeklaring. Parkerte åleine, såg heller ikkje folk heile dagen. Det er ein av fordelane med dette spesielle området. Frå parkeringa er det no raudmerka med små punkt oppover på sørsida av Fessene. Tok av opp Sjuarhylla som går til Sjuvatnet. Holdt ryggen til punkt 750 og vidare nokre 100 meter tilbake til 765-toppen. Gjekk så rett sørover forbi Seksvatnet og ryggen opp til 1001.
Det er verdt å merke seg at det er bora tunnel frå Sjuvatnet til Femvatnet. Det er problemfritt å gå Sjuarhylla og Seksarhylla, men frå Femmarhylla og nedover er det stor elv. Denne kan kryssast på ei bru som er merka på kartet. Har lagt inn denne som PBE med foto. Brua er svært solid og god. Den er nok bygd at mareriale som er innsausa med allverdens stoff før miljøfokuset tok heilt av. Hyllene er fine å gå nord-sør, men skal du opp ei etasje blir det mykje verre. Mellom Femmarhylla og Seksarhylla var det for nokre år sidan ein metallstige. Kor tilstanden er på denne no veit eg ikkje.
Etter mat og kleskift på 1001-toppen gjekk eg nordover, ned 2 avsatsar, slik at eg kom til denne brua. Kryssa den og gjekk over 703-toppen. Nok ein avsats ned og nordover til dei 3 små tjønna aust for Løkavatnet. Dagen var enno ung så eg bestemde meg for å plukke med ein vanvittig nissetopp aust for Hjelmevatnet. For å komme dit gjekk eg på nordsida av Løkavatnet i det som kan beskrivast som bukkemark av svært høg kvalitet. Steinete, buskas og elende. No likar eg eigentlig slikt terreng, så får berre takke for at slike godbitar som dette framleis eksisterer. Matøkt her medan eg studerte dette utrulege landskapet. Dette må opplevast! Så var det berre den lange etappen tilbake til Førdsdalen. Kjempa meg gjennom buskas og prøvde halde enkelte dyretrakk. Hjortelukta var så stram at eg fekk svidd av nasehåra. Gjekk nord for Fessevatnet og inn på den raudmerka ruta igjen. Fin tur i svært spesielt terreng!
User comments
Gratulerer
Written by Sunset 10.10.2015 09:53Har vært litt i dette nærområdet, og Førdsdalen står høgt på lista som utgangspunkt for enda fleire turar i Bremanger.
Stilig landskap!
Written by Nils 09.10.2015 17:56Du verden så stilig og snodig fjellandskap! Å gå vest-øst (eller motsatt) her må være svært så kronglete. Artig å se for en som er vant til østlandsfjell.
Litt av et skar mellom Saga og Maritind også! Og grattis med ny kommune i lomma! :-)
Tøffing du..
Written by otto 09.10.2015 12:16Hiver meg på her Ove, den ene kommunen etter den andre!!
Gratulerer, Ove :)
Written by JoSo 09.10.2015 11:37Artig å følge deg og lese rapporter, samt leve seg inn i turene til en så dedikert og ivrig fjell- og friluftsmann som du er!
Grattis
Written by elbow 08.10.2015 19:18Det var fem fjell med relativt stusselige navn du hadde plukket deg ut for denne turen. For øvrig synd denne Einevarden ikke er 13 meter høyere. Hadde vært interessant å se strømmen av øytoppsamlere prøve seg på denne :-)
For et landskap!
Written by waaktaar 08.10.2015 19:13Ser jo nesten ut som om det har vært arkitekter på fære...
Gratulerer!
Written by kobbenes 08.10.2015 15:34Veldig stilig område ja!
Denne Einevarden må det vel gå an å karre seg opp?
Einevarden
Written by boven 09.10.2015 09:10Angåande denne så har eg ein kar på Kvalheim som har sagt seg meir enn villeg å skysse tindebestigarar ut med båt. Men klart at det må være stille på havet.
Sv: Einevarden
Written by kobbenes 10.10.2015 19:12så det er tilkomsten som er problemet altså? eg studerte nokre bilete og lurte på om det er mogleg å kome seg over på varden frå baksida (inn mot land)?
Fine bilder av flott natur!
Written by Eikås 07.10.2015 21:51Grattis Ove! Med endå ei liste frå dei finaste områda ;):)
Gratulerer
Written by Irva 07.10.2015 21:51Gratulerer Ove:)
Grattis Ove!
Written by arntfla 07.10.2015 21:28Du er helt rå ;) Og for et vakkert landskap det er der nede!