Snoadvarden ved Jostedalsbreen og Nordlysjakt (14.10.2015)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Befringsdalen P (605m) |
---|---|
Endpoint | Befringsdalen P (605m) |
Characteristic | Hike |
Distance | 7.4km |
Vertical meters | 986m |
Map |
Ascents | Snoadvarden (1,520m) | 14.10.2015 |
---|
Brit Siv hadde fått med seg at det skulle være høg nordlysaktivitet denne natta og lurte på om eg ville bli med ut på ein skogstopp ved Førde. Men eg hadde delvis tenkt ein ny tur opp på Kvannebakkbu, og heldigvis var ho ikkje tung å be om å bli med på den ideen :) Vi såg virkeleg føre oss den magiske nattehimmelen oppe ved breen med det lyset og haustfargane i Befringsdalen. Vi reiste opp etter jobb og vi måtte være på plass til jobbane våre neste morgon kl 08.00. Stille og fredeleg er det alltid her oppe, nordlyset såg vi ingenting av. Men til gjengjeld ein nydeleg stjernehimmel og mange stjerneskudd, der vi nok hadde vore stille ønsker begge to. Opp att kl 05.00 og sanser ein ubeskriveleg opplevelse ned att til bilen med hodlykt i mørket. Frostroser på haustfarga lauv og i trea, der det blinka som 1000 krystaller frå lyset av lyktene. Den skarpe friske lufta og ein stjerneklar himmel gav oss berre ei eventyr stund av dei sjeldne, der vi skunda oss nedover for å rekke jobbane våre. Det er definitivt verdt få timar søvn og litt små gjesping utover dagen :)
User comments