Snønipa (09.01.2016)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Høyset i Stardalen (334m) |
---|---|
Endpoint | Høyset i Stardalen (334m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Distance | 22.2km |
Vertical meters | 1,550m |
Map |
Ascents | Snønipa (1,826m) | 09.01.2016 |
---|
Eg og Geir Arne har lenge snakka om å få til nokre fjelldagar i Jølster! Endeleg laga det seg ein muligheit for alle og jammen på tide etter snart 6 års bekjentskap å få til eit Jølster besøk :) Nydeleg ver var det meldt denne helga, litt snøfattig var det men det stoppar jo selfølgeleg ikkje toppgleda..;) Planen var å gå på Snønipa søndag ilag med Joar og Geir Arne. Men av ulike orsaker vart det ein rask bestemmelse om tur på lørdagen istadenfor. Etter ein 1/2 time pakking, ein rimeleg hektisk frukost og vi var turklar. Det var jo meldt ganske så kaldt denne dagen...men sidan innlandskrabben er vant med den temperaturen var det ikkje så mykje å lure på, verre var det for oss kystsamane!!! Joar som bur nærmast var komt inn litt før oss og starta turen oppover i roleg tempo i påventa av "lynrask ungdom".....som aldri nådde att førstemannen og som uheldigvis måtte returnerte av ulike orsaker som "menneskeleg svikt" av eit manglande tur utstyr!! :) Det var kjølig inne på breen med nesten 20 blå og ein kald bre trekk! Eit ganske avblåst og vekslande føre gjorde turen nøysommeleg og det tok tid. Det er første gang eg har gått opp denne ruta med så lite snø. Men uansett så er det fantastisk å berre bruke dagen i sånne mektige omgivelsar, nyte vinterlyset og solnedgangen i denne hærlege stilla! Å sjå stjernehimmelen og den ildraude himmelranden i vest ifrå toppen av Snønipa er berre vakkert. Utruleg nok var det eit greit nedrenn ifrå toppen til vi kom ned i brefallet, derifrå brukte vi litt tid for å komme gjennom sprekkane, hard skare og fjell på grunn av dei manglande snøforhold og med hodelyktlys i mørkna. Nok ein gong litt av ein dag og takknemlegheit for at ein kan få lov til å nyte ein så mektig og vill natur i fred og ro!! Berre Geir Arne si forkjølings snufsing å høyre.. ;) :)
Takker for fin tur ilag
User comments
Nok et fjell jeg mangler
Written by Øyvindbr 11.01.2016 23:02som jeg over tid har tenkt lenge på. :) Drømmen er toppovernatting både på Snønipa og på sørutsikten på Ceciliekruna.
Da er Geir Arne tilbake for fullt etter å ha vært smådårlig skjønner jeg. :)
Sv: Nok et fjell jeg mangler
Written by Eikås 13.01.2016 21:31Ceciliekruna har ikkje eg vore på heller Øyvind. Har tenkt på den lenge, den høyrast så flott ut :) Det hadde sikkert vore ein fin tur å kombinert begge dei to toppane i ein tur +++ og med ei overnatting på Snønipa til slutt :) Geir Arne tippar eg er frisk som ein fisk no når han har fått litt vestlandstopper innabords!! :)
Sv: Sv: Nok et fjell jeg mangl
Written by Øyvindbr 14.01.2016 13:11Med vårdrømmene jeg har om Lyngsalpene og Jostedalen Rundt så spørs det vel om jeg klarer å lirke inn ei Snønipa-natt med tilgrensende godbiter, men nå er det jo ikke alltid ting går som planlagt heller.
Og kanskje vinterferieuka kan tas i bruk om været spiller på lag, vi får nevne det for Geir Arne... Føler meg rimelig sultefora på stortur nå, jammen godt livet ellers virkelig smiler for tida, da blir storturlengselen av det gode slaget. :)
Missing title
Written by hmsv1 11.01.2016 15:32Jeg tror du skal ha med dunjakke i sekken, da blir -20C bare kos! Fin turrapport :)
Sv:
Written by ligroenb 11.01.2016 20:16Kjenner jeg Janne rett så hadde hun nok med seg bpde to og tre dunjakker i sekken :-)
Sv: Sv:
Written by Eikås 13.01.2016 21:34Jepp!! :)
Sv:
Written by Eikås 13.01.2016 20:41Takker Hannah :) Ja...dunjakke er strengt tatt ein nødvendigheit og opptil fleire er desto betre :) Spesielt når ein lir litt av "jakkemani" også...:) :)