Førde/Naustdal-Krunene 1066 moh (16.03.2016)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Kvål (140m) |
---|---|
Endpoint | Kvål (140m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Duration | 3h 25min |
Distance | 10.9km |
Vertical meters | 942m |
GPS |
Ascents | Krunene (1,066m) | 16.03.2016 |
---|
Lise er i Førde i vekene framover og kjekt å få til nokre fellesturar :) Nydelege dagar har det vore og høge dagtemperaturar. Dermed er det no særdeles interessangt føre ute å går!! Vi starta å gå ifrå Kvål rundt kl 16.00 og det frys fort til. Eigentleg for min sin del eller rettare sagt for begge så burde vi kanskje holde oss unna eit sånt flatbrødføre ei lita stund til framover. Men strøtne og eit kvart anna som ikkje skal nevnast høgt "lir" vi vel begge av og så ille at eg burde vel ikkje skrive om det ein gong!! Oppover gjekk det strålande og vi rakk solnedgangen på toppen. Å starte ifrå Kvål er absolutt ein fin variant å gå, berre passe på å parkere nede ved vegen. På veg nedover er det frose, berg og dalbane og det blir nesten ploging heile vegen ned for min sin del...Såg føre meg ny operasjon innan kvelden var omme og to nye rolege mnd... Ei meir krøkkete nedkøyring har eg aldri vore borti før...eg tippar om nokon hadde sett synet så hadde dei flirt bra :) Det gjekk då heldigvis godt og dei finaste minna, solnedgang og natronkake med brunost er lagra :)
Super tur ilag med Lise
User comments