Namnlaus topp i Stavsfjøll (23.03.2016)

Written by bakken59 (Kristin Bakken) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Distance 21.0km
Map
Ascents Stavsfjell (1,245m) 23.03.2016

For første gong gjekk eg på ski i Stavsfjøll. I går hadde vi vel rett og slett ein optimal påskedag. Nattefrost og skare, ikkje ei sky og vindstille. Eg fekk dessverre ingen med meg i går, men fekk nyte dagen aleine. Gjekk frå grendehuset i Øyfjell og følgde køyrd løypetrasé heilt til Stavsvatn. Møtte ikkje ein sjel før eg kom dit. Eg gjekk stort sett på sida av traseen, for den var så steinhard at klisteret beit dårleg, men i skaren gjekk det flott. Ved Stavsvatn på 1050 m og med fjell over 1200 rundt på alle kantar, var det rett og slett klisjepåske. Det var folk og skuterar på dei tre hyttene og noko aktivitet med å førebu for grendelåmi som går i dag. Låmi går frå Rauland til Øyfjell over Stavsvatn (eller omvendt?) kvar skjertorsdag. Frå Stavsvatn gjekk eg på fellar bratt opp på nordaustsida. Hadde tenkt meg til Stavsnuten der eg berre har vore på sommerstid før, men då eg kom opp på ein nut på 1208, var det så bratte dalar mellom meg og toppen, at eg heller la meg i lyngen og drakk kakao og såg på fjella eg kjenner godt frå ein ny synsstad. Nedatt same vegen. 21 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.