Ulriken (16.04.2016)
Written by PaulaKristine (Paula Kristine Mosland Gillesdal)
Ascents | Ulriken (643m) | 16.04.2016 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Ulriken Stasjon (600m) | 16.04.2016 |
Sol og strålande veir. Gjekk opp der det er utsikt og ned gjennom ura.
Det virka som halve Bergen var på tur denne dagen, trur knapt vi nokon gong har møtt så mykje folk på tur.
Eiril gjekk sjølv så lenge det var grusvei, og satt i sele resten. Theodor suste avgårde litti rykk og napp. Begge ungane synest det var veldig artig med klatreparti. "Klatre, klatre" ropte Eiril frå selen. Ho fann og ut at det var veldig artig å dra mammaen sin i håret når ho var lei av å sjå seg rundt.
På toppen sprang ungane omkring og leika. Mat hadde dei knapt tid til å ete. På vei ned satt Eiril i sele til vi kom til krysset Der ura er slutt. Derifrå gjekk ho resten. Sidan Eiril var lei av å sitte i sele før vi begynte nedturen gjekk eg raskt ned ura med ho, medan Thomas gjekk med Theodor.
Vi brukte 1 time og 45 minutt opp og omtrent like lang tid ned igjen. Theodor syns det var veldig vanskeleg å gå ned ura.
User comments