Sogndal/Leikanger: Ryssebotnrana og nokre til (30.04.2016)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Sogndal skisenter (610moh)
Sluttsted Sogndal skisenter (610moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 7t 15min
Distanse 30,0km
Høydemeter 1720m
Kart
Bestigninger Blåfjellet i Leikanger (1400moh) 30.04.2016
Blåfjellet Øst (1397moh) 30.04.2016
Kambafjellet (1220moh) 30.04.2016
Myrdalsbreen (1570moh) 30.04.2016
Ryssebotnrana (1604moh) 30.04.2016
Synnevaskjer (1543moh) 30.04.2016
boven_20160430_5724fddb94fb0.jpg

Kroksleiven stilde ein mann på dette prosjektet. 8-ferga frå Lote, framme ved Hodlekve halvanna time seinare. Berre eit par bilar på parkeringa, ein annan person var på vei opp trekket. Vi kom aldri i kontakt med han, og såg heller ikkje andre folk annan enn på ruta til Høgehaug. Flott ver då vi starta. Skya litt til etterkvart og mot Blåfjellet og vidare til Synnevaskjer godt blindeføre. 2 bratte parti på turen der vi tok av skia. Først ned i skaret aust for Synnevaskjer, og så ned i skaret mot 1482-toppen vest for Synnevaskjer. Mot Myrdalsbreen letta skydekket og vi fekk flott ver heilt til Ryssebotnrana. Retur frå Myrdalsbreen la vi ned ryggen vest for Trastadalsvatnet. Vi var godt fornøgde med dagen, så dei to lave toppane Helleberget og Reppanipa får stå til ein annan gong. Kom til slutt inn på ruta til Høgehaug og kunne gli tilbake til parkeringa. Fin tur, sjølv om det var litt vind i høgda.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.

Annonse