Gråsida (21.05.2016)
Written by Erlnd (Erlend Danielsen)
Ascents | Gråsida (661m) | 21.05.2016 |
---|
Låg slapt heile dagen og bestemte meg for å gå Gråsida då eg såg turrapporten til knutsverre (Knut S. Andersen).
Trudde denne turen var lengre, så tenkte det kunne bli ein fin ettermiddagstur. Yr meldte regn frå kl18, men satset på at det skulle holde. Satt avgårde ca 18.00 parkerte ved garasje ved den første bommen i Stusdal. Gjekk forbi husa og møtte på nokon karar som var ute og arbeidde. Parkeringen var godkjent og dei ønska meg god tur. Brukte ca 1.5 time opp. Fulgte grusvei, så skogsvei til endes. Fulgte knutsverre sitt spor opp til nordryggen, som hadde god utsikt til steinhusfjellet. Har lagt ut bok i pose med kulepenn i toppvarden. Håper nokon tar seg bruk av den. Regnet og blas ganske heftig når eg skreiv på toppen. Fulgte nordryggen ner igjen, og fann eit passende skar å gå ner i før eg møtte elven og til slutt skogsveien. Ein fin tur, og ein topp med mykje utsikt.
User comments