Kyrkjetaket 1439 og Kjøvskartinden 1552 Romsdalstopper (11.06.2016)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Kavliheian (459m) |
---|---|
Endpoint | Kavliheian (451m) |
Characteristic | Hike |
Distance | 17.4km |
Vertical meters | 2,104m |
GPS |
Ascents | Aksla (626m) | 11.06.2016 |
---|---|---|
Kjøvskartinden (1,552m) | 11.06.2016 | |
Kyrkjetaket (1,439m) | 11.06.2016 |
Kyrkjetaket og Kjøvskartinden er toppar som eg har tenkt på ei stund. Det er populære skitoppar, men eg er då mest glad i å utforske toppane med joggesko!! Dette var rein impulstur og dei blir alltid bra :) Nydeleg vær var det og toppar som har vore tenkt ei stund. Allikevel hadde eg ikkje lese meg opp eller hadde kart for området, bortsett ifrå Gps. som då er ein fantastisk ting og eit fast turfølge. Ellers synast eg det kjekkaste er å følge sine eigne veivalg, lese og vurdere terrenget utifrå sine vurderingar og erfaringar. Ingen å sjå i fjella denne dagen, det var blikk stille og varmt på toppane! Denne turen, utsikta, været og den totale stilla åleine... tenker eg er den finaste turen i år. Ganske greit å gå desse toppane ifrå Kavlisetra, herifrå er det ikkje turmerka. Den T merka stien startar lengre nede og sikkert via Steinberget og den lange ryggen opp til Kyrkjetaket. Audiens med hesten og sjefen i dalen mot siste topp Kavliheian/Aksla....gjekk så vidt gjennom!! Han hadde bestemt seg for å studere meg litt på nærmare hald, eg prøvde virkelig å snike meg unna!! Eit forsiktig hels og eg fekk då heldigvis passere til siste topp! Desse fjella skal ha sitt besøk på vinter og ski også.
User comments
Missing title
Written by Irva 16.06.2016 20:54Sprek dame i fint område. Nydelege bilder Janne.
Fint!
Written by JPV100 15.06.2016 23:00Her var mange flotte bilder av bakgården min! :) Tenk at no foreligg det planar om opp mot 800 hytter i området, og skitrekk opp til Steinberget....
PS: siste bildet, det heiter Rauma kommune ;)
Sv: Fint!
Written by Eikås 15.06.2016 23:43Då har eg foretatt umiddelbare rettskrivingar og info ifrå to lokale "heltar" ;) :) Det er berre ein ting å seie at dåke har ein vanvittig rå og spesiell natur. Eg har sett forslaga og det kan då ikkje være mulig å foreslå noko sånt!!! Sjølv om eg veit...vi slit med samme arroganse i vår kommune. Enkelte tenker berre penger, profitt og navnet sitt i historiebøkene og ikkje på den dyrbare skatten av natur vi burde skjerme for overgrep!!
Sv: Sv: Fint!
Written by Øyvindbr 16.06.2016 09:49Flotte bilder av flott natur jeg også kjenner godt!
Dessverre er det for mange rike folk med kreative ideer, og enda flere som liker disse ideene her i landet. Som kreftsvulster dukker hyttefeltene opp, og jeg føler at brorparten ønsker de velkommen.
På et punkt er jeg garantert kontroversiell, jeg mener det ikke er så farlig med de som kommer etter oss, de vil jo bare få dagens rådende verdier inn med morsmelka uansett. De det er synd på er de av oss nålevende som har gamle verdier som ekte kjærlighet til uberørt natur, dette er verdier som er i ferd med å gå tapt fordi penger og status er alt som betyr noe.
Tenk å kunne foreslå sånt mot Isfjordfjella...