Travers ifrå Meneseggi til Melsnipa - Sogndal/Balestrand (18.06.2016)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Menes (30m)
Endpunkt Langehaugen (160m)
Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 8h 30min
Entfernung 21,8km
Höhenmeter 2.369m
GPS
Besteigungen Hardbakk (1.460m) 18.06.2016
Sør for Hardbakk (1.372m) 18.06.2016
Harevollnipa (1.406m) 18.06.2016
Nord for Harevollnipa (1.317m) 18.06.2016
Melsnipa (1.547m) 18.06.2016
Saueggi (1.488m) 18.06.2016

Nydelige værmeldinger for denne helga også...Då vil jo eg reise overalt!! Det står ikkje på ambisjonane, men som skrumpar inn ilag med vissheita om at døgnet ikkje har meir enn 24 timar. Starta så fint med ein nær topp i Jølster Kvannefjellet nord 1712 Men det passa dårleg for dei spurte denne gongen. Kvasshornet i Bremanger og Hawaii stemning på Grotlesanden vart det neste forslaget! Sidan det atter var eit nytt uhell i ein tunnel der ute, vart det også raskt skrinlagt. Tilslutt vart det bestemt at vi går for Melsnipa, det har vore tenkt som tur i nokre år. Iløpet av 5 min vart det bestemt og turstart i frå Meneset nesten litt for laangt ut på dag kl 11.30 men då var vi omsider turklar. Ein kar stoppa ved parkeringsplassen der vi hadde strødd fjellutstyr rundt om....Han såg litt på kl og lurte på om vi skulle langt til fjells :) Jo...kanskje litt fjelltur! vi tenkte til Melsnipa. Det er då heldigvis lyst nesten heile natta så det må då gå bra! :) Dette var ein mann som hadde mange turlagsturar på denne ruta og var lommekjent i området. Turlaget legger opp til ca 12 t. Han var litt usikker på om vi ville komme forbi snøfonnene no på nordsida av Harvollnipa og andre fonner over "nokre" punkt men håpte og trudde at det skulle gå greit for oss. Eigentleg så var eg ikkje heilt tilpass med eit så seint startutgangspunkt og eg hadde tenkt mange varianter for denne turen med tur vidare til Fjærland. Men no var vi der og skulle gå traversen og denne såg eg virkelig fram til :) Dei fjella, fjorden og det irrgrønne landskapet med dramatiske gjel og med snø på toppane, snakke meg om kontrastar! Har lese rapporten til 500fjell (Sondre Kvambekk)

https://peakbook.org/tour/159531/Travers+fra+Meneseggi+til+Melsnipa.html
På turen tenkte eg litt på Sondre sin variant med ski over denne traversen, med dei gjela, skavlane og på ei rimeleg bra heftig tid :) Første kneika på turen var å komme seg rundt Harevollnipa, der låg framleis ei bra fonn som stoppa oss. Det er ein bra tur utforbi her om ein sklir! Det vart klyving i temmeleg laust fjell og eg tenkte at dette var ikkje greit! Men med forsiktigheit kom vi oss rundt ganske høgt på nordsida og under toppen, derifrå vart det berre ein nydeleg opplevelse fram mot Melsnipa. Så kom skodda brått på og la seg tjukk, vi var på ei ny runde med litt usikkerheit! Det er ikkje alltid like lett å lese Gps, skodde og snøskavler i bratt terreng og berre ein smal rygg å komme seg ned til neste platå. Medan vi sto der og studerte Gps som viste på kartet at der framme ein stad, skulle det gå ein ganske grei rygg men usikkerheita var der! Så letta skodda som ved eit "trylleslag" i 20 sek og det var nok til å sjå det vi ville vite. Det kan være ganske store variasjoner i terrenget mellom kotane på kartet og med snøskavler. Vidare kom vi greit ned til støylane i Grøndalen og ein flott tursti heilt ned til vegen. Eit glas rødvin og norske jordbær smakte himmelsk nede ved Vetlefjorden og ved midnatt var vi komt i telt og sovepose ilag med ein nesten fullmåne, hærleg lyd av bølgeskvulp, fossefall i fjorden og fuglekvitter.
Takker for fin tur Brit Siv

Eikås_20160620_57681a1a87c02.jpg
Eikås_20160620_57681a5361655.jpg
Eikås_20160620_57681aa6708a9.jpg
Eikås_20160620_57681b12856de.jpg
Eikås_20160620_57681b9939905.jpg
Eikås_20160620_57681bd301db1.jpg
Eikås_20160620_57681c20da794.jpg
Eikås_20160620_57681c7c112ef.jpg
Eikås_20160620_57681cc79214a.jpg
Eikås_20160620_57681d2184137.jpg
Eikås_20160620_57681d74d373a.jpg
Eikås_20160620_57681dbf0214f.jpg
Eikås_20160620_57681e11ef87b.jpg
Eikås_20160620_57681e629f02b.jpg
Eikås_20160620_57681ea8454a3.jpg
Eikås_20160620_57681f0912a0c.jpg
Eikås_20160620_57681f696863f.jpg
Eikås_20160620_57681fe4d262b.jpg
Eikås_20160620_576820cc32626.jpg
Eikås_20160620_5768211396f35.jpg
Eikås_20160620_576821b1d7dc3.jpg
Eikås_20160620_5768220c362e6.jpg
Eikås_20160620_5768224228198.jpg
Eikås_20160620_576822718e532.jpg
Eikås_20160620_576822cd68d44.jpg
Eikås_20160620_5768231822d93.jpg
Eikås_20160620_5768235d8b875.jpg
Eikås_20160620_576823ddba3fb.jpg
Eikås_20160620_5768241c7f714.jpg
Eikås_20160620_576824613219d.jpg
Eikås_20160620_576824ac535fb.jpg
Eikås_20160620_576824d2f3d02.jpg

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    fantastiske bilete

    Geschrieben von kobbenes 21.06.2016 07:32

    Ser ut som ein nydelig tur!

    Ellers einig i observasjonane om norsk miljøpolitikk. Vi skuslar vekk verdiane vi har her i landet. https://www.mdg.no/meld-inn/ ;-)

    • -
      avatar

      Sv: fantastiske bilete

      Geschrieben von Eikås 22.06.2016 18:30

      Takker for det :) He-he fin link du la ved ;) Melder eg meg inn så trur eg at eg blir så overengasjert at eg ikkje får tid til å gå på fjelltoppar :) Men det er faktisk viktig å engasjere seg i lokalsamfunna sine, våge å ta til ordet og stille konstruktive spørsmål.... Noko som vi nettopp har gjort i vår kommune. Det blir sannsynlegvis mange runder til i eit ganske så stort miljøprosjekt inntil nasjonalparken. Den har ein svimlande prislapp på mange vis!!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: fantastiske bilete

        Geschrieben von kobbenes 22.06.2016 20:41
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: fantastiske bilete

          Geschrieben von Eikås 29.06.2016 19:28
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.