Parkerte på Veblungsnes på ein stor plass rett før kyrkja. Gjekk opp Tuenvegen og så første til høgre. Til venstre borti veien eit stykke og kom igjen til ei gate som heitte Tuenvegen. I enden av denne over eit gjerde og så på sti til masta på ca 750 moh. Terrenget var fuktig, og mykje vegetasjon gjorde at eg var søkkvåt når eg kom til masta. Skodda var grauttjukke og eg måtte berre prøve hugse litt kva eg hadde lest. Gjekk oppover og litt til venstre inn i nokre sva/rennesystem. Her knota eg ein del og gjekk nok ikkje enklaste veien. Kom opp med blod på knea, og var helsika glad for at eg ikkje skulle finne denne på vei ned i skodda. Så var det lett til Setnesfjellet. 2.15 opp der, greitt nok det. Gav meg forholdsvis god tid utover dagen og såg vel ikkje så mykje før eg kom til Grisetskolten. Avtalte med Jan Petter 1730 henting på parkeringsplassen i Innfjorden. Så vart det nydeleg middag i Isfjorden.
Kommentarer