Rauma/Nesset: Kjøvskartind, Husnebba og Aksla (28.07.2016)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Parkering Kavlisetra (460m)
Endpunkt Parkering Kavlisetra (460m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 00min
Entfernung 14,0km
Höhenmeter 1.400m
Karte
Besteigungen Aksla (626m) 28.07.2016
Husnebba (808m) 28.07.2016
Kjøvskartinden (1.552m) 28.07.2016
Besuche anderer PBE Husnebbu (680m) 28.07.2016
Kavlisetra (490m) 28.07.2016
boven_20160810_57ab38b9305af.jpg
boven_20160810_57ab38bfe3d93.jpg
boven_20160810_57ab38c76ff9b.jpg
boven_20160810_57ab38cd3c511.jpg
boven_20160810_57ab38d329f77.jpg

Dag 2 av kort og sein familieferie. Kom frå Vaksvikfjellet og Næremstindane som vi var på onsdag kveld. Kjøyrde bomvei til Kavlisetra der vi parkerte i inngjerda område med 2 bilar. Lise var først og fremst gira på Kjøvskartinden og la i vei umiddelbart. Vinjar skulle sove, og så brukte vi lang tid etterpå inn mot Kavlisetra. Møtte ein grunneigar, ei dame som ikkje hadde mykje godt å seie om dei vanvittige utbyggingsplanane til Rauma Utvikling. Mykje flotte hestar og sauer rundt setra, kjekkt for Vinjar. Gjekk vidare innover og tok av på stien mot Måsvassbu. Etter ei stund ser vi Lise som kjem oss i møte. God pause med mat og godteri før vi skilde lag igjen. Gjekk opp grasbakken i vestsida til sørryggen. Fulgte så ryggen til topps på Kjøvskartinden. Flott temperatur, men nokre lette byer trua i vest. Gjekk så vidare til Husnebba og innom Husnebbu. Fekk tlf frå Lise som hadde lagt igjen klokka si einplass.... det resulterte i at eg måtte tilbake og opp der vi hadde møttest og hadde pause. Her fann eg klokka ved den store steinen der vi åt nista. Kjempeflaks.
Frå Kavlisetra kom eg inn på stien mot Aksla. Frå toppen tok eg kortaste rute ned nordover mot parkeringa. Her var det bratt, ikkje noko å anbefale. Lise og Vinjar var alt installert med bobilen i Isfjorden hos Jan Petter. Eg tok den andre bilen og kjøyrde dit.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.

Anzeige