Hellefjellet m.m (30.07.2016)
Written by Freeflex (Ragnar Liaskar)
Ascents | Grøthornet (1,086m) | 30.07.2016 |
---|---|---|
Hellefjellet (1,239m) | 30.07.2016 | |
Kalvedalsegga (1,234m) | 30.07.2016 | |
Sandhornet (958m) | 30.07.2016 |
Kveldstur med litt usikre værutsikter. Spenninga med turen var jo egga mellom Hellefjellet og Kalvedalsegga og kva forhold som ville møte meg der. Det var diverre eindel regndråpar og tåke som la igjen meir fukt enn det som allereie var der, så egga var sleipare enn ideelt.
Med varsemd og liberal tidsbruk gjekk det uansett greit både tur og retur. Eg veit eindel brukar sikring her, men om ein ikkje er høgderedd og er vant med litt luftig klyving er det eit overkommeleg prosjekt. Det er sjølvsagt opp til både dagsform og ikkje minst forhold.
User comments