Hårteigen (04.08.2011)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Map
Ascents Hårteigen (1,689m) 04.08.2011

Har lenge hatt planer om å ta turen til Hårteigen og no var tida inne. Værmeldinga ga håp om brukbart vær onsdag, og tirsdag kveld pakka me på motorsykkelen so alt var klart til neste morgo. Sidan me skulle kjøre sykkel og hadde planer om å bruke telt måtte me pakke lett. Med telt, soveposer, liggeunderlag, kokeutstyr litt ekstra klær og mat enda me på ca 13 kg pr sekk(inklusiv camelbak med 3l vann i kvar sekk). Me kom ikkje so tidlig avgårde som tenkt, men kl 1100 starta Aina og meg frå parkeringa øverst i Hjølmodalen. Me gjekk i høgt tempo innover forbi Viveli, Hedlo og Hadlaskard. 2,5km forbi Hadlaskard satte me opp telt. Kl var no 1445 og me hadde brukt 3t og 45min på 18km. Været hadde so langt vert perfekt. Lettare overskya med litt sol innimellom og ikkje for varmt. Her vart det ein matbit og pause til kl 1635 før me hasta vidare mot Hårteigen. Værmeldinga dagen før hadde lova det beste været mellom kl 18 og 2000. Det var no bra aktivitet i skyene og me vart usikker om dette ville holde. Heldigvis såg det ut til at skybas låg langt over Hårteigen. Værmeldinga holdt stikk og ei stund braut sola igjennom skyene og det vart riktig flott. På toppen fekk me god sikt sjølv om det var overskya. Me var på toppen kl 1830. Det var godt å slappe av på toppen. Me hadde no gått 25,9km og da kjentes i beina. Etter ca ein halvtime på toppen tok me fatt på returen til teltet. Me var tilbake i teltet kl 2100 og hadde då gått 34km. No gjorde det godt for ein støl kropp og vaske seg i ein fjellbekk ved teltet. Myggen gjorde sitt til at Real middagen vart fortert inne i teltet. Etter litt kaffi og snacks var det godt å strekke ut kroppen i soveposen. At da no starta å regna bekymra oss ikkje. Me kunne ikkje hatt bedre klaff med været so langt. Neste morgo fortsatte det med litt bygevær, men ikkje verre enn at me tok frokosten utanfor teltet. Gårsdagens lange tur kjentes i beina og det gjekk i rolig tempo tilbake mot Hjølmo denne dagen. På returen hadde me ein stopp på Hedlo kor me fekk oss kaffi og sjokolade. Det vart og ein kort stopp på benkane utanfor Vivelid Fjellstova. Det var skiftande vær med byger heile dagen, men då me kom tilbake til parkeringa og pakka på MC`n slutta bygene og me fekk heimturen uten nedbør. Denne turen var værguden definitivt på vår side.
Bilder på
http://www.utifriluft.com/Friluftslivturersommarogvinter/Hårteigen-030811/18375879_37Kg6h#1416087690_hqf4vVD

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.