Tverrbottindar - solotur i full fart (03.08.2016)
Written by knutsdotter (Ingrid)
Start point | Parkering (1,327m) |
---|---|
Endpoint | Parkering (1,327m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 5h 00min |
Distance | 10.2km |
Map |
Ascents | Midtre Tverrbottinden Nord (2,151m) | 03.08.2016 |
---|---|---|
Midtre Tverrbottinden Sør (2,106m) | 03.08.2016 | |
Store Tverrbottinden (2,161m) | 03.08.2016 | |
Tverrbottinden V1 (2,113m) | 03.08.2016 | |
Vest for Tverrbottinden V1 (2,110m) | 03.08.2016 |
Køyrte opp til Leirdalen og etablerte camp like før Geitsætre - god og fin mobildekning som vanleg der. Tok ein rask tur opp til Leirvassbu for å helsa på kjende som skulle på Visbretinden dagen etter. Eg ynskte å ta alle Tverrbottindar, muligens også Tverrbytthorntindane.
Været var overraskande bra med lite og låge tåkeskyer. Starta ved 1327 og det gjekk ganske raskt oppover til Leirløyfte. Kryssa 2 snøfonner utan problem og valde ei direkte rute rett opp mot Vest for Tverrbottinden V1 (2110 moh) og ikkje til skaret mellom Store og Vest. Oppe på fyrste topp under 1,5 time og vidare ned ca 30 høgdemeter og fann greit ruta opp til Tverrbottinden V1 (2113 moh). Koste meg litt her og kunne skimta folk på Midtre som mest sannsynleg gjekk motsatt retning.
Fort nedover igjen og opp til Store Tverrbottinden. Litt snø i lufta men ellers fin utsikt til det meste av Jotuheimen - med unntak av Hurrungane. Overraskande lettgått terreng og med litt små sti innimellom store og små gabbro-steinheller. På veg ned i skaret mellom Store og Midtre traff eg eit hyggeleg par og slo av ein rask prat. Full fart vidare til Midtre Nord og Sør.
Her vart eg grublande på om eg skulle ta Tverrbytthorna samtidig, hadde kun brukt litt over 4 timar. Ryggen var i ulage og sidan det var solotur var eg fornøgd med dagens fangst.
Nede ved parkering etter 5 timar og godt fornøgd med turen.
User comments