Jønshornet, Ørsta, 1419 moh (03.08.2016)
Written by irelun (Irene Lunde)
Ascents | Jønshornet (1,419m) | 03.08.2016 |
---|---|---|
Rametinden (1,198m) | 03.08.2016 | |
Visits of other PBEs | Jønshornet vestegga - utsatt klyving (1,295m) | 03.08.2016 |
Molladalen - utsatt sti (625m) | 03.08.2016 |
Fantastisk flott rundtur på Jønshornet og ned att via Molladalen :) Gjekk opp via Rametinden og opp til Jønshornet/Ramoen. Fin utsikt heile vegen frå Gamlestøylen - såg til Ålesund og utover havet. På toppen kraup vi gjennom holet og fekk plass til alle tre på toppen!
Greit med ei ekstra hand til hjelp eit par stadar (skulle hatt lengre føter og hender..), særleg på veg ned att. Då kom vi antakeleg litt utanom stien, og måtte skråe oss bort att via nokre svaberg/steinhyller...
Ned Jønsrenna gjekk det ganske greitt, sidan det var heilt tørt! Men bratt var det!! Veldig flott dal (Molladalen)! Skjønar godt at mange campar i telt her :) Litt av nokre spisse toppar, rundt nesten heile dalen.
Brukte totalt 8 timar på heile turen, måtte gå nedover skogsvegen til bilen til slutt... Med Anne Tove og Konrad.
User comments