Nydelige meldinger for dagen og turplanane klar, men først og fremst lang frukost ilag med Sandra og Erika. Men då etter eit hektisk frukostmøte med NRF og nedplukking av telt på rekordtid av alle på campen. Kl 11 russla vi til kvar våre planer, mykje folk å treffe på Kyrkja ein sånn godværsdag. Turen vidare hadde eg for meg sjølv i totalstille. Eg hadde ein plan om å ta Visbreatinden som rundtur og plukke med Visbreatinden N1. Men sidan eg var åleine, nysnø og litt sleipt føre så lot eg den stå att til ein tur i eit seinare høve. Ambulanse helikopteret som susa innover dalen etter eit beinbrudd (i ettertid) vippa vel bestemmelsen. Ein godt utnytta dag, med påfølgande triveleg campkveld og champagne i godt selskap. Ein tindrande klar stjernehimmel, melkeveien, stjerneskudd og antydning til nordlys vart ramma rundt denne kvelden og ei fin avslutning på ein hærleg dag i fjellet.
User comments
Takk for sist!
Written by 2000turer 13.09.2016 23:53Var spent på om du fikk med deg N1 også, spesielt på det føret og ned fra toppen. Så det greit ut hvis det hadde vært tørt?
En fin dag var det i alle fall!
Sv: Takk for sist!
Written by Eikås 14.09.2016 17:02Takk det samme :) Kjekt å kunne sitte lenge på ein topp og nyte i eit sånt vær som var den dagen. Takker for god kake :) Eg trur nok det hadde gått heilt fint med litt ro, eg hadde bestemt meg for å prøve! Men eg var åleine der og så tenkte eg at det ville være for dumt å ta sjanser på det føret, det var sleipt og ikkje snø som satt. Så det får bli ein ekstra tur opp i ein kombinasjon med andre topper i området :) Det er ikkje mange toppar at på deg heller ser eg :)