Luftig tur ved Eikesdalsvatnet (29.09.1996)
Geschrieben von knutio (Knut Inge Orset)
Besteigungen | Bjørktinden (1.584m) | 29.09.1996 |
---|---|---|
Ågottind (1.526m) | 29.09.1996 |
Nede ved sekkene igjen var det mat. Sola varma godt og det var heit vindstille (bar overkropp). Vidare såg eggen sinnssyk ut. På eine sida var det overhengende ned i Eikesdalsvatnet, på andre sida berre bratt. Vi rusla vidare, som regel på alle fire. Tau slapp vi utrolig nok å bruke. Nokre plassar måtte vi sitte på skrevs over eggen. Ei enorm steinblokk stod også på eggen, så vidt. 10 cm innpå og 1 meter utom. Nede i skardet mellom toppene vart det skygge. Dette førte til meir snø. Vi klauv raskt oppover, og under ein pause midtvegs, skjedde det nesten. Steinen som Vidar stod på lausna plutselig. Med utrolig flaks sneia berre den 200kg blokka meg og forsvann med ville drønn i Eikesdalsvatnet. Med nokre blåflekker fleire fortsette vi og var kort tid seinare på toppen av Bjørktind 1584 etter 6.5 time. Eggen tok ein time. Været var fortsatt flott, og etter ein liten matbit gjekk og jogga vi ned baksida mot 1300m passet. Fulgte så elva ned til 400 m (dette var mye bedre enn bjørkeskogen). Og var raskt innpå stien og nede ved bilen etter nøyaktig 8 timer.
Benutzerkommentare