Tjelmalifjellet og Kjørkjestafjellet (17.10.2010)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Hjelmalifjellet (652m) | 17.10.2010 |
---|---|---|
Kjørkjestafjellet (636m) | 17.10.2010 | |
Migansfjellet (589m) | 17.10.2010 | |
Surnos (600m) | 17.10.2010 |
Gjekk frå Madland et stykke på vegen mot Kvislavatnet og tok av til venstre opp til Surnos og nordover til Tjelmalifjellet (som det heitte før). På nyare kart står det Hjelmalifjellet, mens ØK bruker Tjelmelifjellet. Her ser Kjørkestadfjellet i nord ganske imponerande ut og eg studerte den steile og "uinntakelige" fjellveggen mot vest og sør. Gjekk nedover mot Grindatjørna og på austsida av tjørna er det eit markant skar/ renne oppover som er grei å gå men det er litt småklyving på vei opp. Vel oppe i skaret gjekk eg sørover opp til toppen. Deretter gjekk eg bort til Migansfjellet og ned igjen i ganske kupert terreng ned til Kykjestadvatnet og så på sti på austsida av vatnet tilbake til Madland.
User comments