Glittertind og omegn (04.03.2012)
Written by Garm (Gal Krokfot)
Ascents | Glitter-Rundhøe (2,089m) | 04.03.2012 |
---|---|---|
Glittertinden (2,460m) | 04.03.2012 | |
Vestre Glittertindoksle (2,251m) | 04.03.2012 | |
Sør for Vestre Glittertindoksle (2,250m) | 04.03.2012 |
Møtte opp ved innkøyringa til Visdalen kvart over sju. Martine og Signar (Signar Andre Nilsen) var litt forsinka så eg rakk ein liten lur i bilen mens eg venta. Ved M&S ankomst vart RollsRoycen min foretrukket til videre transport innover Visdalen. Køyrte inn til Spiterstulen for å betale bommen men etter altfor lang tid med bjelleringing i resepsjonen antok vi at dei ikkje var interessert i våre penger. Så var vi etterkvart klare for dagens mål, Spiterhøe og kanskje også Leirhøe.
La i veg oppover lia. Lite snø men vi fekk tråkla oss oppover i kraftig sønnavind. Ved skaret forbi Skautkampen tok vi ein lang diskusjon om turmåla for dagen. Hard sønnavind gjorde Glitter-Rundhøe, Glittertinden, Vestre Glittertindoksle og Sør for Vestre Glittertindoksle til eit betre alternativ. Alle var forsåvidt enige men det måtte likevel ein lang diskusjon til før Spiterhøa vart kasta.
Kryssa raskt Skautflya og opp gjennom Steindalen. Gjekk opp mot 2072 punktet og dreide over mot Glitterrundhøe. Virra litt rundt deroppen for å finne rette varden mens unødige vardekonstruktører vart forbanna både opp og ned av enkelte av turgruppas medlemer. Du bør aldri vitje Ringebusmuen, Martine… :)
Svingte innom alle vardane for å heilgardere men konkluderte tilslutt med at den fyrste var rett.
Nedatt til 2072 punktet før 400 høgdemeter venta opp til Glittertind. Glittertind hadde heile dagen vært omkransa av ein skoddedott og den hang der fortsatt mens vi pesa oss opp gjennom sida. Martine leda an og to halvkrøplinger lunta etter i passe avstand. Kom opp på ryggen litt vest for toppen og samtidig letta skodda. Rusla bort på Glittertind som var eit imponerande syn med skavelen, sol og vekslande skydekke.
Tok ein kjapp fotosession før vi fortsatte til Vesttoppane. Hard skavlate snø med masse stein hadde vært standard over heile Glittertind og vegen videre var ikkje noko unntak. Dei siste metrane opp mot Vesttoppane løyna vinden og vi fekk ordentleg påskesol.
Returen gjekk kjapt. Tok oss ned skaret ved sumarruta ned til Skautflya og videre fulgte vi stikkinga ned til Spiterstulvegen.
User comments