Bremanger/Gloppen: Punkt på Ålfotbreen (14.04.2012)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Åskora (5m)
Endpunkt Åskora (5m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Höhenmeter 1.500m
Karte
Besteigungen Punkt på Ålfotbreen (1.385m) 14.04.2012

Denne turen blir ikkje gjentatt på ski. Vi starta i Åskora i Ålfoten og første 400 høgdemetrane er ikkje skiterreng uansett. No var det skibering. Etter det stusselege nedtappa vatnet på ca 400 moh fekk vi på skia og labba langdrygt sørover mot breen. Som dei fleste brekular er ikkje toppen noko spektakulær. I dag fekk vi i tillegg nullsikt og måtte ta i bruk nymotens orienteringsverktøy for å finne veien heim. Planen om å gå vidare austover til Kvannbotnfjellet 1215 vart lagt vekk.

Fint ver tidleg på dag, Åskora i Ålfoten
Fint ver tidleg på dag, Åskora i Ålfoten
Stusseleg skiterreng rundt Litle Åskorvatnet 3-400 moh
Stusseleg skiterreng rundt Litle Åskorvatnet 3-400 moh
Lise på Ålfotbreen, lite å sjå i dag dessverre
Lise på Ålfotbreen, lite å sjå i dag dessverre

Det er mange kommunetoppjegerar her. Dersom ein vil ta denne på ski vil vi anbefale ruta som Otto og Inger Lise har skrive om frå Grøndalen via Blåbrebu. Som sommartur er ruta frå nord heilt fin. Godt merka med vardar, raude piler og T-ar.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.

Anzeige