Kvigedalseggi, Høgenipa og Hestafjellet (04.05.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Hestafjellet (839m) 04.05.2012 16:00
Høgenipa (877m) 04.05.2012 16:00
Knutstignova (871m) 04.05.2012 16:00
Kvigedalseggi (813m) 04.05.2012 16:00

Frå rv569 snaut 2km nord for Dalseid gjekk eg på traktorveg oppover langs Dalseidmarkåna. På ca 250moh deler vegen seg og eg gjekk til høgre over ånå opp til Dalseidstølen. Vegen går over til sti det siste stykket til stølen. Gjekk vestover til ca 600moh og så på ski sørover til Kvigedalsegga. Det var lett regn i lufta da eg begynte å gå men nå skein sola mens det fortsatt var tunge skyer austover. Gjekk til fots ned ei renne til nordenden av nedre Krokavatnet og så opp på Knutstignova. Derfra på ski vestover til Høgenipa. Puslete varde på denne toppen, i motsetning til toppen av Osterøya i vest. Rant så ned til nedre Krokavatnet igjen og gjekk opp på Hestafjellet. Måtte så ned på øvre Krokavatnet igjen og gjekk via Storebotnen på dei siste snøflekkane ned til Dalseidstølen. Nesten fullmåne som såvidt var over fjellet i sør. Siste etappe ned på den gode traktorvegen og brukte 8t på denne turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement