The great geocache run (06.05.2012)
Written by Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)
Ascents | Geitfjellet (416m) | 06.05.2012 12:00 |
---|---|---|
Våttakammen (286m) | 06.05.2012 12:00 |
01.05.2012
Etter fem år i Trondheim, oppdaga eg plutseleg Bymarka. Eg veit ikkje heilt kvifor eg ikke har vore så mykje på tur her. Andre aktivitetar som studie, kampsport og quiz har fylt tida. Dei turane eg har vore på har enten vore heime i Skjåk, eller i Estenstadmarka. Skal ein dømme turlendet rundt Trondheim etter Estenstadmarka så er det klart at ein fort mistar litt piffen. No skal det seiast at eg har vore utallige turar i Korsvika og langs Ladestien, så heilt stille har eg ikkje vore medan eg var i byen denne perioda. Bymarka var likevel merkeleg nok eit ubeskreve blad. Men så byrja eg med geocaching, og plutseleg byrja faktisk turinteressen å koma sigande tilbake. Da snøen byrja å gå i mai var det difor på tide å ta seg til Bymarka for å greva opp eit par cachar, og å utforske denne mørke flekken på kartet.
Fyrste tur ut 01.05 sykla eg meg opp til Lavollen og trampa meg tildels gjennom råtten snø opp til Geitfjellet. Utsynet her var noko heilt anna enn det eg var vant med frå dei skogkledde åsane i Estenstadmarka, og med nydeleg vårvær var det ei høgda stund å kunne ta lunsjpausa her på Geitfjellet. Geocachen på toppen fann eg også. Etter lunsj var neste cache på programmet Dreiers minne. Ukjent som eg var i marka satte eg i veg i retning sørvest frå toppen av Geitfjellet. Dei som er kjent i Bymarka kan vel ane for ein dårleg idé det var. Etter litt røff nestigning stod eg plutseleg i skrekkeleg røff nedstigning. Eg meir eller mindre fira meg ned med godt tak i tynne bjørkelegger, frå fjellhylle til fjellhylle dekka med sleip vårsnø. Det endte som det som oftast gjer bra, men det er sjeldan eg har reptert for meg sjøl "For ein forbanna tett idiot du er Jørn" så ofte.
Nedfarten viste seg å vera verd det. Dreiers minne synte seg å vera ei av Bymarkas verkeleg skjulte perler. Her blei eg sitjane å nyte stillheita for meg sjølv ganske lenge. Etter ei lengre tids stilletid, sette eg kursen gjennom myra, mot Lavollen. Eg kom meg greit ned til sykkelen og trilla glad og fornøgd med meg sjølv nedover til byens kjas og mas igjen.
06.05.2012
Fornøygd med kor flott det var på Geitfjellet forrige helg, satte eg meg difor på sykkelen igjen neste helg. Denne gongen sykla eg ikkje like langt som til Lavollen før eg tok avgarde, men stogga ved Sommersetra. Eg sette også denne gongen avgårde straka vegen mot Geitfjellet. Istaden for den halsbrekkande turen ned vestsida, tok eg denne gongen den litt meir kjente ruta ned til Våttåkammen, der eg plukka opp enda ein geocache.
Turen tilbake tok eg i det flatare lendet mellom Geitfjellet og Gamle bynesvegen. Eg hadde sett meg ut ein geocach med navn "Ut i skogen, opp i trærne". Da GPSn synte at eg var på nullpunktet for denne, stod eg i eit lite skogholt midt i ingenmannsland. Eg kjika under røter, banka på stammer og såg etter andre fine holrom å gjøyma cacher i men utan hell. Plutseleg falt tiøringen ned, og eg byrja å kjika mot tretoppane. Ved nullpunktet stod ei fin kraggfuru med opp til fleire holrom. Her var det berre ein ting å gjera; Brette opp armane og dra seg opp furuleggen. Oppe i kragget viste det seg diverre å vera heilt tomt for noko som i det heile teke kunne ligne på ein liten boks med ein papirlogg i. Det var berre å innrømma fallitt, og hoppa ned frå treet. Sjølvsagt sette jakkermet seg fast i furua og eg gjekk halveges på tryne ned. Der eg landa låg det også ein liten, fuktig plastboks. Det synte seg raskt at eg ikkje var det einaste som hadde falt ut av denne furua. Geocachen hadde tydelegvis dutte ut ved ei tidlegare anledning, og loggboka var no omlag gjenomblaut. Eg krota likevel ned kråketeikna mine, og dytta boksen pent tilbake der eg trur den skulle ha lege.
Etter desse strabasane tok eg meg strake vegen ned til Helkansetra der eg tok meg nokre minutter naturmeditasjon, før eg labba meg ned til sykkelen og sivilisasjonen igjen. Etter desse turane har eg vore ganske ivrig på Geitfjellet. Det er rett og slett ein lett tilgjengeleg favorittopp. Eg har også etterkvert funne ut at det mest fornuftige er å parkere sykkelen i U-svingen i Vestoppfarten og ta turen over Våttåkammen til Geitfjellet. Ei fin runde både for turvandring og jogging.
Start date | 06.05.2012 10:04 (UTC+01:00) |
End date | 06.05.2012 13:19 (UTC+01:00) |
Total Time | 3h 15min |
Moving Time | 2h 21min |
Stopped Time | 0h 53min |
Overall Average | 2.6km/h |
Moving Average | 3.6km/h |
Distance | 8.4km |
Vertical meters | 367m |
User comments