Gunung Batok (10.07.2010)
Written by Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)
Ascents | Gunung Batok (2,440m) | 10.07.2010 06:30 |
---|
Tur i forbindelse med gruppetur over Java og Bali. Kom frå Yogyokarta til hotellet på den ytterste kraterkanten om ettermiddagen/kvelden. Utanfor hotellet krydde det av lokale som ville selja oss luer, vottar, skjerf og alt anna varmt tøy vi kunne ha gløymt å pakka med oss på tur til varmare strok..
Stod opp rundt fire morgonen etter. Åt eit par kjeks, og blei kjøyrd i Land Rovere ut til sletta nedanfor Mt. Bromo. Vi skulle gå opp til kraterkanten på Mt. Bromo å sjå soloppgangen herifrå for så å ta turen opp Mt Batok for å sjå på utsikta, noko som vistnok var motsett av kva den store turistmassen brukte å gjera. Vi kledde på oss med varme klede og hodelykt og sette i mars etter den store straumen med andre turistar, så det var nok ikkje heilt sant. Undervegs blei vi og masa på av menn med hestar som gjerne ville transportere oss opp på toppa, men vi takka pent nei. Grei tur i greit lende. Siste biten opp til kraterkanten var trappebelagt. Oppe på kraterkanten var det berre å sniffe svovelluft og venta på soloppgangen. Diverre var det skodde i den ytre kalderaen, så det blei kanskje ikkje den utsikta vi kunne ynskje oss. Det var likevel ein flott opplevelse og skodda gjorde seg på sin måte. Det er alltid ei fin oppleving å stå ovanfor skodda og sjå ned på den.
Etter soloppgang og fleire titals bilete vandra vi ned til bilane igjen, for å bli kjøyrt opp til toppa på Gunung Batok. Diverre var det så mykjy skodde at den klassiske Bromo-utsikten frå dei klassiske bileta blei vi snytt for. Så noko slukøra hoppa vi fort inn i bilane igjen, sidan det var særdeles lite å sjå her. Dessutan var vi ganske så klar for frukost no! Til tross for skodda, er dette likevel eit landskap ein sjeldan ser så det var definitivt ein spennande tur.
User comments