Ørsta: Leknesnakken pf100 m komplett (05.07.2012)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Urke (40m)
Endpoint Urke (40m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 2,120m
Map
Ascents Breidfonnhornet (1,084m) 05.07.2012
Elsandtindane (1,398m) 05.07.2012
Søre Elsandtinden (1,172m) 05.07.2012
Elsantindane sør for (964m) 05.07.2012
Leknesnakken (526m) 05.07.2012
Saksa (1,073m) 05.07.2012
Sør for Saksa (1,045m) 05.07.2012

Gjekk denne turen for ca 10 år sidan, andre vegen. Då droppa vi Leknesnakken og sidan har den blitt ståande igjen. No var det dags for Leknesnakken!

Rett over vegen frå Urke Gartneri går det ein grusveg oppover til parkering og skilting Saksa. Vi parkerte her og fulgte god sti. I skaret nordaust for Leknesnakken ser ein merking og svak sti som går mot venstre og sørover igjen. Denne fulgte vi til toppen 526 moh, siste topp i Ørsta. Til Saksa går det god sti heile vegen, mot toppen brattnar det til og her møtte vi ei dame utai øyane som sat og holdt seg faste. Resten av familien var på toppen men ho hadde møtt veggen. På sørtoppen fann vi bok, men høgste punkt på Saksa er nordtoppen. Enkel klyving ned i skaret og lett vidare oppover. Saksa er eigentleg ein trippeltopp. Ryggen vidare til Breidfonnhornet og punkt 1172 er fin å gå. Enorm utsikt til mange sunnmørstoppar. Rett over fjorden ligg Lynghalstinden, Saudekråtinden, Dalegubben og Holmshornet (sjå bilder). Vi hadde ein slyngar ned i Maradalen for å plukke topp 964 (Ørsta 50m-lista) Etter punkt 1172 blei det brattare men på ingen måte vanskeleg. Litt småklyving eit par plassar og nokre sva. Sikkert best å gå denne turen i tørrt ver. Oppe på austlegaste Elsantindane såg egga bortover hårete ut. I litteraturen er det anbefalt tau her og det kan kanskje være på sin plass. Vi brukte god tid bortover. Den store bikkehella er kanskje høgste punkt, men eg trur eit punkt lenger aust er minst like høgt. Etter ei god foto/matøkt starta vi nedturen. Den gjekk nordover og ned i skaret mot Råna. Vidare nedover Nordkopen og vi kunne renne på skoa ned til 400 moh. 1000 høgdemeter skorennjing! her kunne ein gått skitur til langt uti juli. Så var det berre å labbe vei ned til bilen igjen. Orka ikkje gå heilt rundt så tok bratt opp skog mot parkeringa ca 50 høgdemeter.

Dette er ein kjempetur som kan anbefalast på det sterkaste, ok om ein er litt trygg med høgder og klyving. Fullt på høgde med kva som helst. Lite spor av folk frå Saksa og nordover.

User comments

  • -
    avatar

    Finale runde på Sunnmøre.

    Written by otto 10.10.2012 09:46

    Dere ligger ikke på latsiden. Må jo være et hav av pf 100 topper i Ørsta. Er det snart finale i Volda også.! Ikke mange kommuner banker Ørsta hva tinder angår...

    • -
      avatar

      97, tallet er 97

      Written by boven 10.10.2012 11:24

      Ja Ørsta er en fantastisk tindekommune. Ang Volda, hadde ikkje tenkt skrive om den men nå satte du meg på ideen ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement