Bjørga (16.07.2012)
Written by bergteken (Sunniva)
Ascents | Bjørga (956m) | 16.07.2012 |
---|
Etter jobb sat eg heime og såg på og venta på ei regnskur som for forbi då eg bestemde meg for å ta meg ein tur til Bjørga. Sidan eg diverre ikkje er frykteleg godt kjent i heimbygda mi (dette er noko eg jobbar med), måtte eg undersøkje litt: kvar går stuttaste veg til Bjørga, kvar kan eg parkere og kvar går råket opp. Turkamerat i dag var berre Marwin. Det å ha med seg hund på tur er god drahjelp, særleg psykisk.
Turen opp gjekk lett og fort. Plutseleg hadde eg fantastisk utsikt over blant anna Skeikampen og Bånseterkampen. I tillegg hadde eg virkeleg godt utsyn over Østre Gausdal.
I dag er eg takksam for mykje. Eg er takksam for at eg bur i Gausdal, for at eg har tilgong til flotte fjell i vakker natur og særleg er eg takksam for at vaktane mine sluttar kl 14 så eg får moglegheit til å utnytte alt dette!
User comments