Gjerdekollen juli 2012 (15.07.2012)  4

Written by Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Start point Erstad (70m)
Endpoint Slettegjerde (50m)
Characteristic Hike
Duration 9h 00min
Distance 9.8km
Vertical meters 650m
Map
Ascents Gjerdekollen trig. pkt. (708m) 15.07.2012

Måtte mase både vel og lenge på Åshild og jenta mi, Pia, før dei blei med på en fjelltur.
Veret var sånn passe med overskya og noken få regndråper av og til. Hundane var vel kanskje dei som var mest fornøgd med innfallet mitt...
Opp Riksheimdalen til Jolgrøkollen er langt for en litt uinteressert jentunge, men då vart det bratt og straks litt meir action med klyving, iallefall for en med korte armer og bein. Pause oppe med vatna i 600-meters høgde. Åshild var lite lysten på å gå tilbake samme veg, då det er bratt og sleipt underlag, så vi bestemte oss for at returen skulle leggast ned til Straumsheim. Videre opp og bortover gjekk egentlig greitt, bortsett frå at det er mykje lengre å gå enn først antatt..(sjøl om eg har vore der mange ganger før!) Pia kosa seg med buldring på småklipper, og maste om kor langt det var innimellom) Snøsmeltinga er omtrent en måned forsinka i år, så for å gå litt fortere, tok eg Pia på arma og gjekk nedover et langt snøfelt like før oppstiginga til Gjerdekollen. Det endte med at eg gjekk gjennom med vatn til knea og knall og fall for Pia....kjempelurt...men når toppen først var nådd, fekk ho leite fram Nintendo DSen sin og då var alt glømt for ei lita stund. Heilt til returen...det var bratt, steinur, og tett krattskog før setra plutselig dukka opp. Då var vi alle temmelig leie av turen. Stien ned til Straumsheim er imidlertid svært god, sjøl om den er bratt.
Men sjøl om det endte med tre myggstikk fordelt på det kvinnelige følget, og vi var både trøtte, slitne og svoltne, så var det en fin tur, med heimelaga pølsepizza som avslutning så var det egentlig en fin måte å bruke dagen på

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.