Vikestølheia, Kvammafjellet og Nipen (27.08.2012)
Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem)
Bestigninger | Kvammafjellet (559moh) | 27.08.2012 |
---|---|---|
Nipen (561moh) | 27.08.2012 | |
Turtaheia (786moh) | 27.08.2012 | |
Vikestølheia (832moh) | 27.08.2012 |
Gjekk frå Kleivaland på sti og grusveg opp mot Vassbotnvatnet. Litt forbi vegens høgaste punkt gjekk eg nordover opp på Storurdknoltane og så på Vikestølheia. Var oppom Turtaheia før eg gjekk ned mellom Vassbotnvatnet og Liarstrandvatnet og fulgte sti sørvestover til Ritlandsmyrane. Her var det en metoritt som slo ned for om lag ein halv milliard år sidan og lagde eit krater som seinare er blitt fylt opp. Dette er et geologisk veldig interessant område.
Det går en veg mot Ritland som eg fulgte et stykke før eg gjekk opp på Kvammafjellet som har mange toppunkter som eg måtte oppom for å vere sikker. Gjekk så sørover til Ritland. Derfra går det merka sti forbi Kløv til Trodla-Tysdal. Fulgte denne stien til stiens høgaste punkt i passet mellom Nipen og Reinsholten og gjekk så på austryggen opp på Nipen. Til slutt fulgte eg stien langs Risåna tilbake til Kleivaland.
Denne mandagen var det flott ver men det skya gradvis til utover dagen og blåste opp om kvelden. Brukte 12t på denne turen der eg og tok meg tid til en del blåbærspising.
Kommentarer