Middagsknuten og Ommundknuten (24.11.2012)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Løgeheii (749m) | 24.11.2012 |
---|---|---|
Middagsknuten (628m) | 24.11.2012 | |
Nonsknuten (757m) | 24.11.2012 | |
Ommundknuten (764m) | 24.11.2012 | |
Røynesheia (696m) | 24.11.2012 | |
Tunnebølknuten (747m) | 24.11.2012 |
Ved rv 42 ved avkjørselen til Moi ved Bjørnestad la eg frå meg en sykkel og kjørte videre til Feed skiarena. Derfra kryssa eg lysløypa og gjekk gjennom blandingsskog opp til ei lita tjørn aust for Middagsknuten. Nå kom eg over tregrensa og det var lettare å gå videre til toppen der det er ei mobilmast. Gjekk så i en bue nordover og opp ryggen til Ommundknuten der det er stor varde og bok. Var heldig og fekk en kort periode med sol her. Det var 3-4 cm nysnø over 400 moh. Gjekk videre vestover over småtoppane Nonsknuten, Tunnebølknuten, Løgeheii og Røynesheia og ned gjennom skogen nord for høgspentlinja. Der to bekker møtes på ca 410 moh kom eg inn på en skogsveg som går ned til Hammersmark. Så gjekk eg over til Bjørnestad og sykla tilbake til Feed skiarena.
User comments