Strandafjellet desember 2012 (02.12.2012)  5

Skrevet av Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Startsted Nysætervatnet (350moh)
Sluttsted Svartevatnet (540moh)
Turtype Fottur
Turlengde 4t 00min
Distanse 11,2km
Høydemeter 1038m
Kart
Bestigninger Blådalshornet (1115moh) 02.12.2012
Kleivdalsfjellet (1154moh) 02.12.2012
Roaldshornet (1230moh) 02.12.2012
Store Trollvardegga (1144moh) 02.12.2012

starta frå Nysætervatnet kl 0940 i -12,5 grader attmed hundane. Opp råsa langs Vikelva og opp til Blådalsvatna. Oppstigninga til Blåfjellet gjekk langs den breie skråhylla i vestsida. Lite snå og den som var der var hard skare så trugene vart verande på sekken til pynt. Vidare til Roaldshornet og opp til sola. Det var ein befriande følelse for ansiktet begynte å bli noko frose! Etter den obligatoriske toppsjokoladebiten var det vidare over ryggen til punkt 1115. Og vidare til Kleivdalsfjellet. Litt vind gjorde at eg måtte bruke buffen til å dekke kjakane et lite stykke. Under Langevatnet var snøen litt hard og bratt, men uten at det var noko stort problem. Framme ved Svartevatnet kl 1345.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.

Annonse