Olsskavlen fra Voll (22.02.2013)

Written by presma (Preben Småland)

Start point Voll
Endpoint Olsskavlen
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 45min
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Olsskavlen (1,576m) 22.02.2013
Gjekk frå parkeringen på Voll innover i retning Vollbottsvatnet. Eit stykke før vatnet tok me opp eit skar mot Tungefjellet. Flott pudder heile vegen. Gamle skispor var det også, sjølv om dei var blåst igjen. Oppe på Tungefjellet var føret noko annleis. Veldig avblåst og lite snø her. Men etterkvart som me nerma oss toppen vart det berre bedre og bedre. Dei siste 3-400 høgdemetra var berre heilt fantastisk. På toppen var det litt trekk men ikkje av betydning. Etter litt drikke og bilder var det av med feller og klart for nedkjøringen. Som venta var det første partiet som ville bli høgdepunktet denne dagen. Men berre dette var uten tvil verdt heile turen :) Midtre partiet var så som så med vekslende føre og ganske hardt. Nedre parti var flott med skogskjøring og pudder :) Tilbake til bilen var det 2 fornøyde karer og 4 tunge bein :) Kjempetur!
presma_dsb0043.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.