Stryn/Luster: Raudskarvfjellet og Storenosa (27.03.2013)
Written by boven (Ove Lotsberg)
Start point | Greidung (150m) |
---|---|
Endpoint | Greidung (150m) |
Characteristic | Backcountry skiing |
Duration | 9h 30min |
Distance | 38.0km |
Vertical meters | 2,125m |
Map |
Ascents | Raudskarvfjellet (1,897m) | 27.03.2013 |
---|---|---|
Storenosa (1,803m) | 27.03.2013 | |
Storenosa austre (1,786m) | 27.03.2013 |
Etter den hårreisande turen til Tindefjell Stryn: Argaste toppen i Nordfjord var kropp og sjel utladda og vi trengte ein kviledag. Tirsdag kveld sende eg melding til Kroksleiven ”Raudskarvfjellet og Storenosa, Statoil 0830”. Svaret eg fekk var i vanleg Kroksleivenstil utan oppfølgjingsspørsmål – ”Ok”. Dette er toppar som ligg på Jostedalsbreen og er svært lite besøkt. Mange passerer her på Josten på langs, men det er nok andre toppar lenger sør som er vanleg å plukke på den turen. Raudskarvfjellet ligg i Luster kommune. Storenosa er grensetopp mellom Stryn og Luster, og er ein viktig topp i den tidlegare omtala Strynelista.
Meldingane var gode, men på vei mot Oppstryn var det snø i lufta. Det såg lysare ut lenger austover og vi bestemte oss for å klinke til. Dette var første skikkelege tur med fjellski. Siste 15 åra har eg trakka med plastsko og telemarkutstyr alle toppar. Men desse dryge breturane krev lettare utstyr. Kroksleiven hadde vore opp i stabburet og leita fram gamle feller i lilla og rosa frå en svunnen tid. Etter å ha kosta muselort og gammalt silofor av fellene sat dei overraskande godt på skia.
Dei 5,7 km til Vetledalssæter gjekk radig unna. Her hadde vi oss ein matpause. Skispor innover og vidare mot Erdalsbreen, sannsynlegvis tidlege Josten-på-langs prosjekt. Veldig lite snø, ein mildversperiode her og det er bart opp til breen på eit blunk. Sommarruta opp Ulvestigen var ikkje farbar med ski. Knallhard skare og stein alle plassar. Skispora gjekk rett mot vatnet, opp ei bratt kneik. Her måtte vi av med skia. Vi gjorde oss nokre tankar om nedfarten. Vidare opp Erdalsbreen var det hardt og lett å gå, først når vi kom opp på 13-1400 meter vart det eit fint snølag. Oppe på breen møtte vi fleire skispor, og austifrå. Men folk såg vi ikkje. Skylaget rundt Tverrfjellet 1888 og Lodalskåpa 2083 var lett og lenger austover var det heilt klart og skyfritt. Først gjekk vi til Raudskarvfjellet. På med dunjakka og god matøkt. Fantastisk skue mot Hurrungane.
No skulle vi teste nyeutstyret i nedoverbakke. Det skulle sjølvsagt vore filma. Med lett knesvikt og stive armar ut til sida glei vi nedover. Eg er utruleg imponert over folk som kjøyrer telemark så det kostar etter med slikt utstyr. Vel nede på breen igjen la vi på fellene og labba mot Storenosa. Fristelsen vart for stor, og vi plukka og med austtoppen 1786. Klokka var no 1742. Akkurat der og då ønskte vi oss plastsko og breidare ski. Men det er ikkje muleg å få både i pose og sekk. Vi flira godt av kvarandre på veg nedover skareføret på Erdalsbreen. Droppa å gå innom Vetledalssæter på heimvegen, istaden fulgte vi vassfaret nedover mot Storesætra. Det var no skymt og vidare nedover mot Greidung vart det både knall og fall i vanskeleg snø. Oppsummert: Ein lang slitetur med lite snø og elendig føre i nedre delar. Flott snø og nydeleg ver på øvre del av breen og toppane.
User comments