Sogndal: Frudalshesten og Frudalsbreen (30.03.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Frudalen (520m)
Endpoint Frudalen (520m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 05min
Distance 12.2km
Vertical meters 1,125m
Map
Ascents Frudalsbreen (1,598m) 30.03.2013
Frudalshesten (1,554m) 30.03.2013

Populært utfartsområde for mange topp- og skiinteresserte. Parkeringsplass med skilt om Bratt Moro og parkeringsavgift. Frykta det værste med tanke på folkemengde men vart overraska. Møtte 5 andre på vei til toppen. Ruta er mykje brukt og det var gode spor heile veien. Skispor i svært bratte heng på begge sider av dalen.

Ruta mot Frudalshesten
Ruta mot Frudalshesten

Pause og mat på Frudalshesten før vi labba mot Skjerdingane 1598. Etter nøye kartstudier vart fristelsen for stor og vi valgte nedkjøyring mot Frudalsfjellet og så bratt ned i dalen. Her bør det være gode forhold! Det var gamle spor ned ei renne, men desse såg vi ikkje før det var for seint. Glei eit stykke nedover i sida før vi fekk eit greitt parti ned. Hardt og skuggevendt nede i dalen. Glei nedover og knota oss ned nokre hamrar ved Tverrelvi. Ein overraskande kjapp tur. Gustav og Lise var med.

Gustav og Lise gjer seg klar til nedfarten
Gustav og Lise gjer seg klar til nedfarten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.