Rikjendbotn rundt (30.03.2013)  6

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Start point Jasvoll (150m)
Endpoint Midtbust (40m)
Characteristic Backcountry skiing
Map
Ascents Benkene (1,185m) 30.03.2013
Sandegga (1,364m) 30.03.2013
Sandegga Sør (1,290m) 30.03.2013
Sandfjellet (1,322m) 30.03.2013
Visits of other PBEs Mebusætra (410m) 30.03.2013

Startpunkt for turen var der vegen mot Overøye krysser Stavåna. Derfrå fulgte eg skogsveg oppover og tenkte å gå via Josætra (Jasvollsætra), men eg havna for høgt so turen gjekk via Moheia. Derfrå tok eg sikte på Rikjendskaret og fulgte ryggen opp til toppen av Benkene. Ryggen vidare i retning Storbotnshornet er bred og fin. Eg hadde lyst oppom nevnte topp, men den såg litt vanskeleg ut, spesielt pga snøen. Derfor skar eg rett over til skaret mellom Storbotnshornet og Sandegga. Herfrå var det hard og vanskeleg snø opp til Sandegga som var høgaste punktet på turen. Vidare fulgte eg Sandegga mot sørvest og hadde flott utsikt mot Sandfjellet og panoramaet mot Sunnmørsalpane bakom den. Nedstigningen frå Sandegga Sør var svært bratt og litt trøblete på ski (med klabbete feller). Tok derfor av skia og gjekk i ura som stakk opp på eine sida. Turen vidare gjekk på sørsida av Sandfjellet og opp sørryggen til toppen av denne. Herfrå var det storslagen utsikt mot havet i vest og ned til heimbygda mi Stordal. Nedturen gjekk via sør- og vestsida av Sandfjellet der eg kunne renne ned til Mebusætra på ca 400 moh. Herfrå måtte skia av og eg fulgte råsa ned til Midtbust.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.