Skitur til Ingebjørgsfjellet (11.04.2013)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Distance 26.0km
Vertical meters 1,185m
GPS
Ascents Ingebjørgsfjellet (1,452m) 11.04.2013
JonnyA_20150302_54f45fd1a5800.jpg

Seimsåsen/Ofredalen er eit godt utgangspunkt for skiturar. Etter som Årdal Turlag har planlagt skitur til Ingebjørgsfjellet 21. mars, kan det passa med å presentera vår tur i dag. Turkamerat denne gongen var Ivar Seim.

Ingebjørgsfjellet er grensetopp mellom Årdal og Luster.
Dette er ein tur som kræv det meste av dagen for meg med kondis og trening slik midt på treet. Med andre ord bør ikkje dette vera den fyrste skituren ein legg ut på i vinter.

Turen starta i svingen rett oppom garden Åsete i Indre Ofredal, eller Åsetesvingen som han gjerne vert kalla. Ein føl tømmervegen så langt den går, opp til Bordhaug. Derifrå føl skiløypa stølsvegen fram dalen.

Etter vel ein time, er me på Nystølen. Stølen låg i tidlegare tider lengre heime i dalen, men det seiest at grunna hyppige besøk av bjørn vart stølen flytt fram hit.

Etter ein liten drikkepause, heldt me vidare fram dalen under Vedabakkane og forbi Tverrelvi. No kan ein gå til skrå opp til høgre dersom ein vil innom Slettedalsstølen, noko som me valde å droppa denne gongen. Me fylgde så dalføret til me var under Mjuken for så og passera Mjukevatnet på vestsida.
I det heile ligg me litt opp i lia på austsida av djupaste dalføret. Det gjev den "flataste" løypa.

Men litt opp og nedoverbakkar vert det. Det kan me sjå på GPS-dataene. Frå startpunktet til toppen er det ein høgdeskilnad på 867 meter. Faktum er at me har gått i motbakke heile 1185 høgdemeter når me kjem til topps.

Me er no komne så langt at me ser inn i Breidbotnen på høgre sida. Her får me ei stigning på knappe 100 høgdemeter, opp ei slukt mellom to kollar. Me ser no Blankevatnet nede til venstre og snart sklir me fint nedover og bortover mot Svartevatnet. Der vert det ein skikkeleg matpause ved fiskebui. Klokka er då ikring 12.

Godt rusta med ny energiforsyning og drikke, legg me i veg på siste etappen. Over Svartevatnet, litt opp i bakken på andre sida og så rett vestover mot bandet mellom Årdal og Luster. Rett før høgaste punktet av bandet rundar me sørover og ut ryggen mot toppvarden på Ingebgjørgsfjellet 1452 moh.
Kl 13:23 sto me ved varden.

Det drog seg litt til med skodde og vind då me var på toppen, så den vanlegvis flotte utsikta vart me snytte for. Me kunne skimta Sippelhaugnosi , Hest og Såta på Lustersida. I Nord-aust skimta me Gruvefjellet.
Skiftande føre gjorde at me tok det med ro ned att bakkane og heim dalen. Etter 7,5 timar var me vel attende til Åsetesvingen.

Turdata frå GPS
Totaltid: 7:37
Gangtid: 5:56
Distanse, (tur/retur): 25,95 km
Motbakke: 1185 høgdemeter
Starthøgde: 585 meter
Maks høgde: 1452 meter

Start ved Åsetesvingen kl 08:36
Nystølen kl 09:38
Svartevatnet 11:58
Ingebjørgsfjellet 13:23
Attende til start ved Åsete 16:13

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.