Eidskyrkja på sparket (04.04.2013)
Written by jornjohnsrud (Jørn Humberset)
Start point | Skinnviksetra |
---|---|
Endpoint | Eidskyrkja |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Duration | 5h 00min |
Map |
Ascents | Eidskyrkja (1,482m) | 04.04.2013 |
---|
Vi var ein gjeng på 4 som ville på tur då vi hadde ein fridag utan innhald. Vi fann ut at ein skitur for å finne litt nysnøv var på sin plass. Veret var fint og vi valde Eidskyrkja som mål idag. Starta i 12 tida oppover og hadde nokre svenskar på halen heile vegen opp.
Sist eg var opp var snøen hard og mjuk om ein annan frå setra og opp til breen. Idag var det hardt med eit lite lag nysnøv oppå. Dermed var det fint å gå opp. Breen hadde meir nysnøv og frå skaret og opp på toppen var heilt nydeleg. Vi gledde oss til turen nedatt heile vegen opp. Var nokre skyer som forsøkte å skyggelegge vegen opp, men dei flaug fort forbi, og sikra flott ver på toppen.
Turen ned var heilt fantastisk. Toppen og ned til skaret var heilt nydeleg å renne, så det vart kjaurt i eitt, og turen ned breen, var også ganske bra. Mykje nysnøv å renne i. Litt mindre frå breen og nedatt, men likevel heilt ok å renne på då det var hardt underlag. Alle einast om at det var vel verdt turen idag.
User comments