Bjørga (17.05.2013)

Written by bergteken (Sunniva)

Map
Ascents Bjørga (956m) 17.05.2013

Folkehøgskuleåret er over og det er stas å vere heime på nasjonaldagen. Etter ein triveleg dag med bunad, tog, flagg, mat, is, korpsmusikk, familieselskap, mat og is, tok eg med meg Marwin ut på tur. Køyrde opp til Kankerud, parkerte og gikk på delvis bar veg, delvis blaut, roten snø til stien opp mot Bjørga. Ikkje mogleg å gå opp her, snø til midt oppå låret. Rusla nedover mot bilen att med fint utsyn over vakre Gausdal. Fann etterkvart ut at eg ville oppom toppen, så eg og bikkja klatra/kleiv/braut oss oppover ein bratt, krattkledd skrent og stod kort tid etter på Bjørga med flott utsikt. Måtte bort til varden og boka. Same veg ned att. Hipp, hipp, hurra!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.