Kom frå Trondheim, på vei til Oppdal og Joso. Tok av på Garli mot Langvatnet. Betalte bomavgift kr 40 og håpte vi kunne kjøyre langt, til Ilbogen. Dessverre møtt av bukk ved velteplassen. Ok då vart det lang veilabbing igjen då! Forrige labbeprosjekt var Bløhøe på Vågå. Gjekk med skiskoa i sekken til sætrane (Nyhussætra?) Mykje kupert opp og ned, ski av og på det meste av turen. Otto skriv vel at det er mykje dalar, knattar og terreng rundt dette fjellet og det stemmer. Ein sånn der tur....Det var like langt på vei tilbake. Nei no er det til Oppdal og besøke Johan! Gode meldingar for helga og planane er meir potensvekkande enn dette. Adjø Ilfjellet! Vi kjem ikkje tilbake!
User comments