Store Trolltinden (20.07.2013)
Written by JPV100 (Jan Petter Vad)
Ascents | Store Trolltinden (1,788m) | 20.07.2013 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Bruraskaret (1,550m) | 20.07.2013 |
Vi starta frå Trollstigsenteret, og fulgte godt merka sti i retning Stabbeskaret. Rett etter Frokostplassen tok vi av til venstre, og sikta på Bruraskaret. Til dels ur og laus grus bortover her, men ingen problem å ta seg fram. Ved Bruraskaret starter The Troll Highway, ein meir eller mindre tilrettelagt sti langs hyller. Veldig moro å gå her. Enkelte steder var det litt luftig, men heller ikkje her er det problemer med å ta seg fram. Siste biten mot toppen går opp to ulike renner. Her er det litt laust, og klyving opp vått berg...men ingen uoverkomelege hinder. Pass på å følg den raude merkinga over i den neste renna (til venstre). Siste opptaket før ein er på toppegga kan vere litt vanskeleg; her må ein klyve opp over ein stein. Det kan vere litt utfordrande, og ei hjelpande hand enten foran eller bak kan vere god å ha.
Dessverre låg det litt for mykje skodde nede i dalen i dag, og etterkvart skya det til over oss også. Uansett var det ein veldig fin tur, og det vart god tid til obligatoriske bilder, spesielt ved Bruraskaret.
User comments
Missing title
Written by JohnTiger 23.08.2013 08:05Flotte bilder :)
Dette er en tur jeg selv har lyst på ; hvor lang tid brukte dere?
Sv:
Written by JPV100 23.08.2013 08:13Ja, denne turen kan absolutt anbefalast! No til helga vert det nok veldig fint, med kald og klar haustluft :)
Tidsbruken er eg litt usikker på, men vi brukte nok 8-10 timar totalt, inkludert rikeleg med pauser.