Norddal: Aktivitetsveke, dag 1 (19.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Zakariasdammen (460m)
Endpoint Øvre Reindalen (1,100m)
Characteristic Hike
Duration 6h 00min
Distance 16.8km
Vertical meters 1,250m
Map
Ascents Høgenausane (351m) 19.07.2013
Syltefjellet (609m) 19.07.2013

Tur 1: Ytterli -> Ytterlinakkane
Tur 2: Tafjord, Jimdalen -> Høgenausane
Tur 3: Zakariasdammen -> Øvre Reindalen

Kanonmeldingar, endeleg ein sjanse til å bruke ei vekes tid i Tafjordfjella/Norddal. Reiste fredag ettermiddag heimafrå med lovnad om at veret skulle lette utover dagen. På vei til Tafjord plukka vi 2 enkle toppar.

Ytterli -> Ytterlinakkane. Parkerte ved enden av veien på Ytterli. Kom i prat med ein som bodde der som tydlegvis var svenskepatriot etter capsen å dømme. Skilting til Ytterlinakkane. Fulgte skogsvei eit godt stykke før det var skilting vidare. Gjekk forbi ei ryddig fin bu og runda austover langs ryggen til høgste punkt. Retur same vegen. Traff på svenskepatrioten igjen i tunet, kona var og tilstades. Han kunne fortelje ein heil del om fjella i Tafjord og utbygginga der.

Jimdalen -> Høgenausane. Lavaste pf 100 i Norddal kommune. Kjøyrde opp aust for elva i Tafjord mot Jimdalen. Gjekk bratt opp sørvestover til vi var på ryggen. Vidare i furuskog og vindfall opp og ned til toppen.

Høgenausane 351, lavaste topp i Norddal
Høgenausane 351, lavaste topp i Norddal

Zakariasdammen -> Øvre Reindalen. Gjekk frå parkeringa i fint ver og etterkvart letta det heilt opp, blå himmel og berre velstand. Ei god matøkt ved brua til Reindalseter. Vidare stien mot Vakkerstølen. Slo leir der elva frå Småkoppane kjem ned i dalen, ca 1100 moh. Rikeleg med flotte teltplassar i området. Herifrå er det muleg med turar i fleire retningar, eit glimrande utgangspunkt for dei neste dagane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement