Torfinnstind-traversen (17.08.2013)
Written by HaraldH (Harald Hegge)
Ascents | Kvitskardoksle (2,065m) | 17.08.2013 |
---|---|---|
Kvitskardtinden (2,193m) | 17.08.2013 | |
Midtre Torfinnstinden (2,112m) | 17.08.2013 | |
Vestre Torfinnstinden (2,090m) | 17.08.2013 | |
Øystre Torfinnstinden (2,120m) | 17.08.2013 | |
Visits of other PBEs | Torfinnsbu (1,060m) | 17.08.2013 |
30-årsgåva frå min kjære fru var overaskelses-tur te fjells med Morten og Lars. Planen var vel at det skulle haldast hemmeleg te rett før avreise. Men torsdagen ringte Morten, og lurte på om e ville væra med på tur. Turmål stod mellom Storen, eller Torfinnstind-traversen. Grunnet bedre værutsikter i aust vart det Torfinnstind-traversen.
Vi tok båten inn frå Bygdisheim, og var klare te å gå ca kl.11. Været såg veldig lovande ut! Motbakke frå første meter, så her vinn ein fort høgde! Vi nærma oss etter kvart renna. Nedre del av denne omgås mot aust. Før vi gjekk inn i renna hadde vi matpause. Oppover renna var det overraskande mykje klyving på fast fjell, hadde sett for meg ei bratt ur heile vegen! Det var ikkje tilfelle, men mykje lausgods gjer det uansett til ein risikabel tur om mange er i renna på samma tid. Når vi nærma oss toppen tok vi ut av renna mot vest, der den brattaste klyvinga til Øystre Torfinnstind venta. Oppe på ryggen er det spasertur til toppen. Der møtte vi to stk som akkurat gjorde seg klare til å gå mot første rapell. Vi brukte 2t25minutter frå Torfinnsbu til toppen.
Vi hadde ei god pause på toppen. Når vi var klare for rapell var ikkje dei to foran oss ferdige enda, så det blei litt venting. Første rapell er kort og grei - mjuk start. Klyving vidare ned i skaret. Og greit opp til Midtre Torfinnstind. Berre nokre meter frå topp-punktet ventar neste rapell, som er mykje meir luftig (og lengre) enn første rapell. Vel nede var det eit lite opptak for å komme opp ein avsats. Morten ville forske litt på evnt led-sikringsmuligheiter opp denne taulengda så eg sikra han opp på topptau, medan Lars gjekk litt vidare mot vest (utan rapell). Neste rapell er kort og grei, før den siste som er meir luftig og lengre att. Velberga nede var i skaret var det klyving opp til Vestre Torfinnstind att. Der er det eitt litt krevande punkt, ellers grei klyving også her.
På toppen av Vestre bestemte vi oss for å gå vidare til Kvitskardsting og Kvitskardsoksle. Vestryggen på Vestre Torfinnstind var ganske luftig, bortover Torfinnseggen var det veldig greit. Der ligg det att mykje patronhylser etter tyskarane hadde øvingar her under krigen.
Her kom det nokre byger, så steinane vart noko sleipare enn dei fine forholda vi hadde hatt til no. Bortover Torfinnseggen klarte eg og Lars å gå ned i sida, i staden for å få med oss toppen 1996 - Torfinnseggen. Ingen krise, då den ikkje står på noko relevant liste for min del...
Traska i øverkant av breen på snø mot Kvitskardsoksle. Vidare opp på Kvitskardstind - her begynte det å bli kaldt. Returen gjekk ned mot oksle, og vi fulgte brekanten på snø ned i botnen - veldig behagelig! Ut mot Langedalen held vi på aust-sida av elva, forholdsvis nærme elva, slik at vi unngikk dei mange svaene som er der.. Transport-etappe bort til Torfinnsbu. Etter 10,5 time på tur, var det fantastisk og komma inn på Torfinnsbu te middag! Etter ei natt søvn i ei noko hard seng, vart det fyste båt utatt då været på søndagen ikkji innbydde te anna enn å reise heimatt..
Tusen takk for ein kjempefin tur mortenh (Morten Helgesen) og Naboen (Lars Christensen)!
User comments