Gråhøe i Reinheimen (20.09.2013)
Written by JPV100 (Jan Petter Vad)
Ascents | Buakollen (1,685m) | 20.09.2013 |
---|---|---|
Gråhøe i Reinheimen (2,014m) | 20.09.2013 | |
Søre Gråhøe (1,908m) | 20.09.2013 | |
Vestre Løyfthøe (1,946m) | 20.09.2013 | |
Østre Løyfthøe (1,921m) | 20.09.2013 |
Eg hadde egentlig sett meg ut dette som ein skitopp frå Billingen, men for eit par veker sidan begynte eg å fundere på tanken på å ta denne til fots. Tanken var då å starte frå Lordalen og jogge mest mulig innover det flate partiet i starten.
Vekkerklokka ringte kl.5.45 i Isfjorden, og eg kom meg opp. 3 kvarter seinare var eg klar til avreise. I bilen på veg oppover Romsdalen såg eg at temperaturen nærma seg null, og ved Bjorli var det 2-3 minusgrader. Men; det var skyfri himmel og sola var på veg nedover fjella!
Bomvegen inn til Lordalen kostar 100,- og det er sjølvbetjent bom. Vegen innover er ca 2 mil.
Kl.9 stod eg klar ved Nysætri/Nordstølen, og eg starta å jogge roleg innover på sørsida av elva. Det er svært lett terreng innover i starten, og eg hadde god framdrift. Eg passerte Søre Berget, og planen var å krysse elva nord for Nordre Berget, og fortsette oppover Skarvedalen. Plutselig oppdaga eg ein svær reinsbukk som stod på ei høgde 200 meter foran meg. Eg jogga i jevnt tempo rett mot han, og som forventa så luska han avgårde då han syntes eg kom for nært.
Elva var ingen problem å krysse og etter elva vart det litt brattare, men eg klarte å halde joggetempoet oppe heilt til eg var på ca 1400 moh. No hadde eg jogga ca 10-11 km, og framdrifta hadde gått over all forventning. Tok meg litt mat og drikke, og fortsatte å gå oppover dalen. No såg eg Gråhøe "rett foran" meg, og det ga motivasjon!
Turen vidare er også lettgått, og det er først på slutten det brattner til. Frå ca 1700-1800 moh låg det snø, men det var sopass lite at den ikkje bydde på særlige problemer. 2 timer og 40 minutt etter eg starta frå Nordstølen stod eg på toppen.
Etter å ha slappa av med mat, drikke og fin utsikt fortsatte turen i retning Løyfthøene. Beina var no litt prega etter all jogginga i starten, og det vart ein lang, men likevel fin retur.
Ein sliten kropp satte seg i bilen med kurs mot Romsdalen kl.16. Viss du liker å jogge langs sti er dette ein fin variant, og som sagt er det svært lett terreng, spesielt første halvdelen.
User comments
Jeg synes
Written by mortenh 21.09.2013 10:22det er en fin variant om man liker å gå langs sti også. Litt langtekkelig kanskje, men fint landskap og lite folk, men 100 kr. for bommen begynner jo nesten å bli litt dyrt.
Har lyst på den varianten en gang jeg også. Gikk inn her mot Skarvedalseggen en gang uten å komme til topps og har definitivt lyst på et nytt besøk. Ser ut til at det er mange rundtom som fikk utnyttet denne fine fredagen til et eller annet.
Sv: Jeg synes
Written by JPV100 21.09.2013 10:31Ja, det er langt, og ein kan vel med fordel ta med seg telt og ta det som ein helgetur. Blant anna frista det med ein tur oppom Skarvedalseggen, og å undersøke stupet mot Dordiholet litt nærare..
Gårsdagen var definitivt rette dagen å ta seg fri frå jobb ja! :)
Sv: Jeg synes
Written by dr_oyvind 09.05.2016 15:11Jeg ser for meg at dette alternativet som skitur er vel så flott som fra langtekkelige Billingen. Kanskje til og med på toppturski? Hva tror du?
Sv: Sv: Jeg synes
Written by waaktaar 09.05.2016 16:30Veien er kun vinterbrøytet inn til Storsætre, og slik jeg forstår det er det ikke alltid like forutsigbart når det er. I år var det til vinterferien. Så da må man legge på 3-4 flate kilometer hver vei...