Selda og Bruraknappen (15.10.2013)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Bruraknappen (702m) 15.10.2013
Selda (880m) 15.10.2013

Frå fv 615 i Hyen tok eg av sørover mot Gjengedal og kjørte så til Rongkleiv der eg parkerte ved Mjellem & Rongkleiv kraftverk. Det hadde og gått an å kjørt vestover til Rongkleivstøylen på bomveg (20 kr), men eg gjekk heller denne vegen. Ein dryg km frå gardstunet gjekk eg opp ein skogsveg nordover og så på sti over ei myr og forbi vestsida av Rongkleivvatnet. Ifølge turkart "Gloppen" er det sti opp til Selda men stien var mange plasser så utydelig at eg heller gjekk min eigen veg gjennom lyngterreng nordover til Selda. Stor varde på toppen og god utsikt vestover, mens nord og austover låg skyene nedpå ein del av dei høgaste fjella. Var ein tur bortom nordaustkanten der det er utsikt ned til Ommedalsvatnet og Hyefjorden. Gjekk så vestover og kryssa Nipeelva heilt øverst der den er lett å steingå, og gjekk så opp på Bruraknappen og videre vestover til eg kom inn på stien til Røyrvikstøylen. Herfra var det god sti ned til ein skogsveg og så i myrete skogsterreng på vestsida av Øyravatnet, og så i enda verre myr søraustover til Langevatnet og langs nordsida av dette før eg endelig kom inn på skogsveg igjen ved søndre del av vatnet. Derfra på vegen forbi Rongkleivstøylen tilbake til Rongkleiv. Rundtur på 7,5t korav drøyt 6t gangtid.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement