Snøfjellet og Dunheia (16.10.2013)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Dunheia (1,165m) | 16.10.2013 |
---|---|---|
Snøfjellet (1,006m) | 16.10.2013 |
Frå E39 ein snau km vest for Breim tok eg av mot Øvreset, og så etter ein snau km til tok eg av mot venstre og så etter ein snau km ved skilting til Kålsmyrane svingte eg til høgre på bomveg (30 kr). Eit virvar av vegar oppover og ikkje alt er innteikna på kartet men eg hamna ikkje så langt frå Kvilestøylen der eg parkerte i vegkanten. Herfra gjekk eg i myr og lyngterreng opp til Snøfjellet der det var stor varde på toppen. Så videre vestover ned i Tisthammarskaret på sørsida av Skarvatnet og opp til Dunheia. Var først på et nordlig utsiktspunkt med varde og bok og gjekk så opp på toppområdet der det er mange toppunkt som eg måtte oppom for sikkerhets skuld. På den sørvestre toppen var det en mindre varde med bok som synte mange besøk. Det gjekk en merka sti ned på vestsida herfra som eg fulgte et stykke ned men sidan denne stien ikkje synte på kartet mitt visste eg ikkje kor den kom i frå, så eg gjekk sør og søraustover over Vesle Dunheia og ned langs Skjerdøla til Kvilestøylen. Rundtur på 6,5t korav godt 5t gangtid.
User comments