Kongsvollfossen (03.01.2014)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point E6 Vårstigen
Endpoint E6 Vårstigen
Characteristic Ice climbing
Duration 9h 30min
Vertical meters 500m
Map
Visits of other PBEs Kongsvollfossen (1,270m) 03.01.2014

Isklatretur til den største klassikaren i Drivdalen. Alpin start frå Trondheim kl 5 saman med erlando (Erlend Hassel) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand). Ankomst Kongsvoll litt over kl. 7. Frokost #2, på med rack, også byrje å traske opp langs fossen. Enkelt å finne då bekkefaret frå fossen går under ei lita trebru på oppsida av E6.

Vi traska oss opp til bollen der fossen bratna til (ca 1 time). Det gikk fint an å isklatre også før, og dette har vore beskrive som morsom isbuldring av andre. Men sidan vi var så pass lite erfarne ville vi brukt for lang tid om vi skulle gått heile fossen omtrent frå E6'en (noko som nesten hadde gått i dag). Vi måtte då ha sikra oss betydelig fleire taulengder.

Men dei tre tradisjonelle lengdene beskrivast å byrje der det brattar til, og der byrja også vi.
1. taulengde: Leda av Andreas, WI3. Vart noko kort pga mangel på skruar, men vi fikk ein smak av kvifor Kongsvollfossen er ein klassikar. Ein flod av is med masse moglegheiter. Diederet i bratta ovanfor bollen såg meget pent ut. Her trengs det kompetanseheving!

kobbenes_last_import-2.jpg

2. taulengde: Leda av meg, mitt 2ndre led på is. WI2, full fres i nydelig smøris, gikk ut heile tauet og satte standplass under bratt opptak.

3. taulengde, Andreas, WI4. Kan kanskje gåast enklare. Opptak med noko sprø is først, så flatt, også sette han standplass på avsats i siste bratta. Mektig skue å sjå topp-fallet!

kobbenes_cimg3832.jpg

4. taulengde, meg, M3+. Vi enda med fire taulengder då vi hadde litt få skruar, samt at topp-isen såg noko råtten ut. Det måtte tenkast. Heldigvis hadde Andreas ein plan. På høgre side av topp-opptaket var det eit isfritt opptak kanskje 2 meter høgt, men noko eksponert. Kunne det vere noko for meg, som har brukt heile juleferien på å surfe mix-klatring på nettet? Ja, det måtte prøvast. Så eg klatra meg opp på hylla under topp-isen, gikk bort til ein stein som sto under opptaket, og leita etter sikringsplasseringar. Etter litt rusking og graving med øksa i diverse småriss fikk eg plassert ei lita nøtt i eit riss, plassert øksene i mosen på hylla, og stabla meg opp på den glasserte steinen. Under meg var det bratt. Dette var jo akkurat som på internett! Så var det å få gode økseplasseringar lenger inne på hylla, få plassert jerna på gode fottak, stemme imot, og la det stå til over kanten. Woho, det gikk!

Sette standplass, trekke dei andre opp, og sile seg nedatt langs retur-flanken noko på sida av fossen. Returen er viktig å finne. Følg hylla på oversida av fossen (der ein toppar ut frå siste taulengde) sørover (oppover i dalen), passer to snørenner, og gå ned flanke (snøkledd og noko tynnare skog). Då kjem ein rett ned til vegen. Det er bratt i området, så best å vere forsiktig på returen. Ikkje skli utanfor bratte ting. Returen er godt beskrive i den nye isklatreføraren for Oppdal og Sunndalen.

Fantastisk tur i fantastiske omgivnader. Minus for manglande moskusspotting.

User comments

  • -
    avatar

    Ikke sett denne før!

    Written by AndreasNordstrand 12.08.2014 12:13

    Denne tror jeg faktisk ikke jeg har lest før Kris! Fantastisk artig beskrivelse, sitter her og smiler fra øre til øre. Gleder meg til neste tur :-)

    • -
      avatar

      Sv: Ikke sett denne før!

      Written by kobbenes 12.08.2014 16:18

      Ja dette var good times! Cruxet var å blidgjere Solveig tilbake i Trondheim. Utrulig flott dag frå morgon til kveld! Ser fram til vidare eventyr i Drivdalen i framtida :-D

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.