Sandnestindan (15.02.2014)

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Duration 4h 45min
Distance 12.4km
Vertical meters 1,610m
GPS
Ascents Blåfjellet i Eide og Fræna (864m) 15.02.2014
Hældalstinden (703m) 15.02.2014
Snipa (685m) 15.02.2014
Snipa øst (632m) 15.02.2014
Stordalstinden (895m) 15.02.2014
Stortua (303m) 15.02.2014
Trolltindan (887m) 15.02.2014
Trolltindan Vest (832m) 15.02.2014
Trolltindan øst (847m) 15.02.2014
Visits of other PBEs Trollkyrkja (484m) 15.02.2014

Besøk hos svigermor på Eide treng ikkje berre bety mykje god mat og kaker. Eg bestemte meg derfor for å ta ein tur over Sandnestindan. Då vi kom køyrande over Fræneidet hoppa eg av ved parkeringa til Trollkyrkja. Eg stoppa sovidt ved Trollkyrkja, som er blant av Sør-Norges lengste grottesystem, men tok ikkje turen inn denne dagen. Vidare gjekk turen opp mot den vestre delen av Trolltindane. Det blåste godt og var ganske surt, men heldigvis ingen skodde. Eg var litt spent på egga opp til, og ned att frå, sjølve Trolltinden, men den viste seg å vere heilt uproblematisk. Vidare vart det mykje opp og ned over Stordalstinden, Blåfjellet, Hældalstinden og Snipa. Det gjekk fint å gå med joggesko med broddar, men enkelte plassar var det litt ekkelt med nokre bratte og knallharde snøfelt som måtte forserast.

User comments

  • -
    avatar

    Oh!

    Written by oddis 15.02.2014 17:06

    Stortur :)

    • -
      avatar

      Sv: Oh!

      Written by JPV100 15.02.2014 17:33

      Kjenner det godt i beina no ja :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement