Geitfjellet (22.02.2014)
Written by bergteken (Sunniva)
Ascents | Geitfjellet (416m) | 22.02.2014 |
---|
Ein noko trist vinter i Trondheim har gjort at det sidan nyttår berre har vorte springing. Mil etter mil. To turar heim til Gausdal, Espedalen og vanvittige snømengder og ein tur til Sogndal har vore sakrale, heilage og det næraste eg kjem noko religiøst. Dagar utan ski er rett og slett tunge for meg når det er vinter.
Uansett, vakna til bra vêr, forbausande lite vind. Åt frukost, søkte inn P1 på telefonen og sykla frå Nardo halv ti. Sette frå meg sykkelen ved Ferista og sprang opp på Geitfjellet med tremila på øyret. Hard snø og is, men eit fint lag med rim og nysnø her og der gjorde at det var fint føre, tykte eg. Litt vind på toppen, nesten åleine. Folk sat vel klistra framføre fjernsynet. OL er like fint å høyre på radio! Eg er glad eg ikkje har fjernsyn.
Trilla ned bakkane frå Byåsen og var heime til målgang i Sotsji.
User comments