Ski ein dag og sommar den neste (28.05.2012)
Geschrieben von bakken59 (Kristin Bakken)
Besteigungen | Knarren (748m) | 28.05.2012 |
---|
Etter fantastisk skitur! på Haukeliseter i går, var det heilt flott å rusle i varm ettermiddagssol til Knarren i dag. Køyrde langt og lengre enn langt i hust, og greidde ein bomtur etter å ha gløymd kart og utan nettkontakt. Då fann eg rett bomveg til Furuvatn ved Tremyr, men køyrde vegen til endes og rota rundt ei god stund før eg gav opp. Men i dag gjekk alt som det skulle. Køyrde ca 3,5 km og fann traktorvegen mot venstre. Følgde den til den tok bratt ned mot høgre, då skar eg opp til venstre og heldt rett mot toppen. Sporet av stig innimellom og til og med eit par nedslitne raude malingsfellker hist og her. Toppen var kjempefin og i dag såg ein fritt og langt til alle kantar. På veg opp såg eg ein stor rovfugl ta av frå toppen, men dessverre viste han seg ikkje medan eg åt niste på toppen. Kosetur! Uncas var med. Møtte elles ingen.
Benutzerkommentare