Flott tur til Høgdebrotet/Steinflytinden/Tjønnholstinden (04.05.2014)

Geschrieben von MagnarØygarden (Magnar Øygarden)

Karte
Besteigungen Høgdebrotet (2.226m) 04.05.2014
Høgdebrotet Nordvest (2.215m) 04.05.2014
Steinflytinden (2.318m) 04.05.2014
Tjønnholstinden (2.330m) 04.05.2014
Tjønnholstinden NØ (2.180m) 04.05.2014

Fire spreke karar kom seg over den berykta dørterskelen og var i bilen kl 08. Me parkerte ved Heimdalsmunnen og då fann Marius ut at han hadde gløymt telemarkskoa igjen heime. Han såg overaskande bli ut og bestemte seg for å gå på beina.Værmeldingane viste -15 kl 09.00 på flya, men når me kom opp var det bare å kaste jakka med ein gong.

Me tak fatt på Leirungsmyrin og måtte fort kaste av endå meir klede. Foran såg me folk og bak kom det endå fleir folk. Akkurat slik ein søndag ska brukast te i Mai, topptur! Me tok fatt på Steinflybakkan med godt mot, og mot toppen av bakken tok me lunsj i solsida.

Steinflye var me fort over før me begynte på siste bakken mot Høgdebrotet. Så spreke som me er tok det ikkje lange tida før me var på toppen. "Oioioi" ropar me i kor! For ein utsikt. Klokka er bare 13.30. Me tok ein kjapp avgjerelse om at me ville prøve på Steinflytinden, følge ryggen fra Høgdebrotet og opp til Steinflytinden. Marius bestemte seg for å gå nedover å vente ved bilen. Me tok fatt på ryggen bortover.

På toppen av Steinflytinden satt det to karar og drakk Fanta. Dei spurde om me skulle bort på Tjønnholstinden. "Nei, det trur eg ikkje me ska" sa Eivind. Dei skulle bort, me kunne jo ikkje vere dårlegare enn dei. Me tok fatt på ryggen bort til Tjønnholstinden. Den var luftig! Me litt høgdeskrekk var det ikkje bare bare å vite at på høgresida var det 400 meter i fritt fall og på andre sida var det og mulighet for å slå seg forderva.

På toppen kom me! Og for ein utsikt! Detta var den kulaste topppen me har vore på konkluderte eg og Kristoffer. Etter nokre bilete gjekk me roleg tilbake til skia som stod ved foten av Steinflytinden.

Nedkøyringa var prega av nokon steinrøyspartier, litt skareføre og tendensar til slush frå Steinflye og ned til Leirungsmyrin.

For ein tur! Denna turen kjem eg aldri til å gløyme! Takk for ein flott tur Marius, Kristoffer og Eivind!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.